Lokal | 23. jan. 2017
Fekk 30.000 kroner i bot
Han køyrde ein kort strekning i sentrum under Osfest, men med over 1,2 i promille blei det fengsel og bot.
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 23. jan. 2017 09:14
Om han var publikum på Osfest, eller berre «sjåfør», er uvisst, men det var klokka 02.22 natt til søndag festivalhelga i august i fjor at mannen blei stoppa av politiet i Hamnevegen.
Dei mistenkte at bilførar hadde drukke og tok han med til legevakt. Blodprøve tatt 50 minutt seinare viste 1,5 i promille.
Saka hans har no vore oppe i retten.
Sikta, ein mann i 30-åra frå Os, møtte i retten og tilsto. Mannen er tidlegare ustraffa.
Han blei dømt til 21 dagar fengsel, 30.000 kroner i bot og til tap av førarretten i to år.