Fekk 40.000 for båtfyll
Bergensaren kom 100 meter frå kai før politiet stoppa han.


Den glovarme festivalhelga i slutten av juni 2010 blei fire båtførarar i Os tatt med promille.
Ein av dei var ein mann i 40-åra frå Bergen, som la frå kai ikkje så langt frå Os sentrum i ein rask båt på 29 fot.
Mannen kjørte i roleg fart då han blei stoppa klokka 03.35 natt til søndag 29. mai. Blodprøve tatt klokka 04.20 viste ein alkoholkonsentrasjon på 1,82 promille.
Tiltalte møtte i retten og erkjente seg skuldig. Han er tidlegare domfelt for promillekjøring med motorvogn, men dette er rundt 20 år sidan.
Aktor la ned påstand om 21 dagar fengsel og 30.000 kroner i bot. Mannen fekk 21 dagar fengsel, men Nordhordland tingrett skjerpa bota til 40.000 kroner grunna mannen si høge inntekt (87.000 kroner i månaden).