
Fekk 5.500 kroner i bot
Fem bilistar blei stoppa på Hegglandsdalsvegen i går.
Kjetil Vasby Bruarøy
11. september 2019 - 9:23
Tysdag kveld hadde politiet fartskontroll på Hegglandsdalsvegen.
Dei sto ved Borgafjell barnehage frå klokka 18.53 til kl 22.12 og målte farten i 50-sona.
Fem forenkla forelegg blei skrive ut.
Høgaste fart blei målt til 70 km/t, som gir 3 prikkar på førarkortet og 5.500 kroner i forelegg.
Om farten hadde vore 1 km/t høgare ville vedkomande fått 8500 kroner i bot.