Fekk 8 nye veker
Sikta i Hilda Feste-saka anka på staden.
Fredag var det fengslingsmøte i saka om drapet på Hilda Feste i Os 1. januar.
Politiet ba om 12 nye veker grunna dei sterke tekniske bevisa:
• Politiet sit på fingeravtrykk i blod.
• Delvis DNA frå sikta er funnen på innsida av glidelåsen i buksa til Feste.
Forsvarar Rolf Knudsen ba om at sikta blei sluppen laus, alternativt med fengslingssurrogat der han skal melda seg for politiet dagleg.
Fengslingssurrogat skulle vera ein annan stad enn i Hordaland.
Forklarte seg for retten
Den sikta 18-åringen frå Os forklarte seg for open rett.
På spørsmål frå forsvareren gjorde den sikta 18-åringen greie for korleis han har det i fengselet og kva tankar han gjer seg.
Han seier han framleis ikkje hugsar noko frå drapskvelden 1. nyttårsdag.
Anka dommen
Retten dømte sikta til yttarlegare 8 veker i varetekt.
Sikta anka på staden, noko som betyr at saka skal opp for lagmannsretten neste veke.
For retten over sommaren?
Ifølgje politiadvokat Ogne er etterforskinga så godt som avslutta.
Dei sakkyndige som undersøker den sikta 18-åringen skal gje sin rapport til retten 12. juni.
Politiadvokaten reknar med at saka blir sendt statsadvokaten for påtaleavgjersle i løpet av sommaren.
Sikta har sete fengsla sidan han blei pågripen tysdag 21. februar.