Fekk alvorleg påminning i solskinnet
Kva gjer du om du er først på skadestaden? Korleis jobbar naudetatane? Det fekk vidaregåande elevane eit innblikk i tysdag.
Tysdag førmiddag, i strålande solskinn, fekk elevar frå Os vgs (og dei andre vidaregåande skulane i bygda) ei alvorleg påminning om fort det kan snu.
– Det vi har gjort i dag er ei ulykke her på skuleplassen. Ein dumper har køyrd gaffelen gjennom frontruta på ein bil med to passasjerar. Måten vi frigjer desse på er den same vi nyttar om ulykka skjer på E39 eller ein av dei andre vegane i bygda, forklarte varabrannsjef Arne Monsen.
Sikra og varsla
Med på demonstrasjonen var elevane frå ambulanselina ved Os Vgs som markørar. I tillegg stilte politiet og legevakta opp for å fortelje kva og korleis dei jobbar på skadestaden.
– Kva er det første du gjer om du er den første som kjem til ei bilulykke, spurte politibetjent Kjetil Hansen, då ha gjennomførde "avhøyr" med eleven som var først på plassen?
– Sikrar meg sjølv og plassen, med å ha refleksvest og setta ut varseltrekant slik at det ikkje skjer fleire ulykker. Etterpå ringe 113 for å varsla.
Kan bli kø
Medan brannvesenet og legevakta jobba med å frigjera dei to jentene i bilen fortalde Monsen og Hansen om korleis dei jobbar på skadestaden.
– Som de ser herskar det fullstendig ro. Det er ingen som skrik og kjeftar på kvarandre, alle veit kva ein skal gjera, men av og til får vi ei tilleggsoppgåve med å halde folk unna.
– Skjer ulykka til dømes på E39, så blir et fort både kø og nysgjerrige folk. Dei er det de som må ta dykk av, kommenterte varabrannsjefen til Hansen.
– Ja, det er ei av oppgåvene våre. Folk kan bli litt sinte om dei må bli ståande i kø, men det viktigste er å sikre at de har gode arbeidsforhold for å få dei som er skadd ut av bilen og til behandling. Etter at de er ferdige med dykkar jobb, er det vår oppgåve å freiste å finne ut kva som har skjedd. Det gjer vi gjennom avhøyr og bileter frå skadestaden, forklarte Hansen.
Ta førstehjelpskurs
Varabrannsjefen hadde ei oppmoding til elevane, i tillegg til å køyre forsiktig, nemleg å repetera førstehjelpskunnskapen.
– Denne veka har Røde Kors fleire tre timars førstehjelpskurs ulike plassar i bygda. Meld dykk på og få ei oppfrisking av førstehjelpskunnskapen dykkar, oppfordra Monsen.