Fekk bank
Os bank av Haugesund i heile førsteomgangen. - Det var ei flau framsyning, seier Steffensen.

I eit surt haustvêr (heldigvis uten regn) tok Os imot Haugesund 2 måndag ettermiddag på kunstgraset på Kuventræ. Etter berre 12 minutt var Haugesund i føringa. Før det var gått 35 minutt leiia gjestane frå sør heile 4-0!
- Det er slik det har vore heile sesongen.
- Botnnivået vårt er for lågt. Trøysta er at toppnivået er er tilsvarande høgt, meiner trenar Øyvind Steffensen.
Os-Haugesund 2-6 (0-4)
Os sitt lag: Frode Øvredal, Fredrik Heggland, Håvard Grøteide, Torkel Hjertnes, Tor Erik Kjosås Berge, Preben Borgen 1, Erik Kanestrøm, Simen Lassen, Vegard E. Moberg, Frode Bruvik, Stian Lunde.
Innbytarar: Ramo Racic 1, Johannes Jordal, Glenn Krossøy, Håkon Kvittingen og Markus Dalland.
Ungt mannskap
Os starta med eit ungt mannskap mot Haugesund 2.
- Eg ville la unggutane få sjansen frå start. Dessverre gjekk det ikkje heilt som planlagt, seier Steffensen, som gjorde dei første byta før halvtimen var spelt.
I førsteomgangen verka det langt på veg at det berre var eitt lag på banen. Haugesund spelte ball i hatt med eit stilleståande og fomlande Os-lag. To av måla kom etter flotte gjennomspel kor Os ikkje hang med. Dei to andre kom etter dårlege klareringar av Os-forsvaret.
- Medan vi spelte ein av våre svakare omganger, spelte Haugesund samstundes årsbeste ifølgje trenaren, fortel Steffensen.
Kan spele fotball
Sjølv om løpet langt på veg var kjørt i 1. omgangen viste Os i andre omgang at også dei kan spela fotball. Plutseleg sat kombinasjonane, småspelet og pasningane.
Først reduserte Ramo Racic på eit gjennomspel, før Preben Borgen sklir inn eit innlegg på bakerste stolpe. Dei to måla kjem med berre 3 minutts mellomrom.
- Vi hever oss i andreomgangen og viser at vi kan. Det er eg nøgd med.
- No må vi ta med oss det til vi møtar Brann 2 i neste runde, avsluttar Os-trenar Øyvind Steffensen.
Os møter serieleiar Brann 2 på Nymark Kunstgras komande laurdag klokka 16:00. Fyllingen slo i dag Brann2 2-1 og håper nok på Os-siger i denne.