Lokal | 22. mai 2012

Fekk besøka storebror

Som del av MOT-programmet har elevar i Os skrive om sine draumar. Det blei spa, bowling og tur til Wales for dei tre som fekk draumane sine oppfylt.

Fekk besøka storebror
Torbjørn (midten) fekk reisa til Wales for å møta storebror Thor-Magne. Pappa Tommy (t.h.) fekk også vera med på turen. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 22. mai 2012 15:37

Som MOT-kommune har eigne koordinatorar i kommunen eit nøye planlagt og tett program dei tar elevar i ungdomsskulealder igjennom.

Nokre av måla er å styrka sjølvtilliten til ungdomen, gje dei auka forståing for det å bry seg om andre, avgrensa mobbing, redusera bruk av rusmidlar - og å styrka optimismen hos dei unge.

– Ein del av motprogrammet er å snakka om draumar og det å nå draumane sine. Det er fleire av informatørane våre gode eksempel på, som Kjersti Tysse Plätzer, som var ei ung idrettsjente då ho byrja å setja seg høge mål, som å gå kappgang i OL, seier Ellen Merete Lyssand, motkoordinator i Os kommune.

MOT har på landsbasis eit prosjekt som heiter «Ein draum med MOT», der elevane skal skriva om draumen sin, og nokre draumar blir realisert av MOT.

– I Os har vi, i tillegg til å senda draumane til ungdomane inn sentralt, realisert nokre av draumane lokalt. I år realiserte vi tre, to av dei med god hjelp av sponsorar, den siste finansiert av MOT i Os kommune.

Spa og bowling

Ingen frå Os har til no blitt trekt ut til å få draumen realisert av MOT sentralt, men dei siste åra har Os kommune blant anna realisert draumar om å oppleva Ulve leir og å møta kjente personar som kommentator Arne Scheie og politikar Liv Signe Navarsete.

– I år realiserte vi tre draumar, to av dei blei sponsa, seier Ellen, og fortel:

• Marcus Walden og Alexander Bøe frå klasse 9A på Os ungdomsskule ønskte seg begge å få gjera noko sosialt saman med heile klassen. Bowling1 stilte sporty opp og siste dag før påske koste heile klassen seg med pizza og bowling.

• Ann-Kristin Ure Skjønberg frå Nore Neset ønskte seg ein fridag for mor si. Livet til ei firebarnsmor kan vere ganske travelt, så Ann Kristin syntes mora fortjener ein liten pause. Ann-Kristin ønskte seg noko for nokon andre enn seg sjølv, og Solstrand Hotel og Bad stilte opp og inviterte mor, og dotter, på ein dag med spa og nokre timar i bassenget.

Drøymte om å treffa storebror

Torbjørn Sævareid frå Søfteland hadde ein stor draum om å få besøka bror sin i Wales. Broren Thor-Magne er nokre år eldre, og har busett seg i Cardiff.

Torbjørn fekk reise på tur, saman med pappa Tommy, og kom til Cardiff den helga storebroren hadde bursdag.

Han fortel dette om turen:

Turen startet fint fra Søfteland skule den 20. april, men da flyet skulle starte i Amsterdam ble alt svart. Strømmen gikk og vi ble sittende i flyet vente på deler. Vi var en time forsinket da vi ankom Cardifff flyplass. Allerede på flyet fikk vi høre om det forferdelige været i Cardiff. "Det regner alltid i Cardiff" kunne sidemannen på flyet fortelle. Senere har vi funnet ut at det regner omkring halvparten så mye som i Bergen.

Første dagen var vi mest i området rundt havnen i Cardiff, et flott område. Om ettermiddagen kjørte vi gokart.

22. april gikk vi på tur til Pontneddfechan, der vi gikk på tur i Brecon Beacons nasjonalpark. Stedet er kjent for sine vakre fossefall og vi ble guidet av Geraint ‘Gez’ Lloyd en lokalkjent waliser. Om kvelden spilte vi bowling.

23. april var Thor-Magne sin 28-årsdag. Dagen brukte vi i byen, mens kvelden ble feiret med pizza og kake hos venner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.