Kultur | 26. feb. 2011

Fekk dei første billettane

Anita Kalberg er den lykkelege innehavar av dei første billettane til Oseana si opningsframsyning.

Fekk dei første billettane
Andris Hamrelørdag 26. feb. 2011 08:00

I samband med Oseana si undersøking her på Midtsiden.no, kor Oseana lurte på kva publikum trur kjem, og kva dei har lyst til å gå på sjølv i kunst- og kultursenteret, har vi no trekt ut ein vinnar av to billettar til opningsframsyninga 17. juni.

Den heldige vinnaren av dei historiske to første billettane i Oseana er Anita Kalberg.

Ho fekk overrekt billettane på ei omvisning i Oseana tidligare i veka.

- Dette var utruleg kjekt, smilar vinnaren.

- Kva har du lyst til å oppleva i huset?

- Om riksteateret og barneforestillingar kjem er det ikkje umogleg at eg tek turen, fortel Kalberg.

- Kjempeflott!

Den heldige vinnaren hadde fram til onsdag berre sett Oseana frå avstand. I samband med overrekkinga av billettane fekk ho òg ei omvisning i senteret.

- Dette kjem til å bli kjempeflott. Her har eg lyst til å koma tilbake, smiler Kalberg.

Arrangementssjef Berit Steen fortel at billettane til opningsframsyninga og til folkeoperaen Havfest blir lagt ut for sal i løpet av april.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.