Sport | 19. nov. 2017

Fekk det tøft

Osherrane tapte for Gloppen 18-30.

Fekk det tøft
Isak Røen blei toppskårar med 12 mål (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 19. nov. 2017 13:50

Os tok i mot laget frå Sunnfjord heime i Oshallen søndag formiddag og kom godt i gang anført av Joakim Blostrupmoen som skåra to av Os sine tre første mål. Etter ni minutt leia Os 4-1 og Gloppen tok timeout.

Det hjalp for gjestane som gjekk opp i leiinga 5-6 etter 15 minutt.

– Det blir litt som forventa. Vi startar bra, men fell litt saman utover i omgangen, oppsummerer Ostrenar Alexander Heggø.

Gloppen er i denne perioden kjappe på kontringar og rykker frå. Etter fem nye minutt er dei fire mål foran Os, som ikkje heng heilt med i forsvar.

Dei siste sju minutta av omgangen er Os meir med og held avstanden på fire mål.

– Slutten av omgangen er betre, då heng vi betre med igjen.

Os - Gloppen 18-30 (10-14)
Utv: Os 2x2 min, Gloppen 3x2 min
Os sitt lag: Einar Godø, Trygve Lerch Dahl, Nils Andris Hamre, Bendik Oen 1, Isak Røen 12, Mats Brunvatne 2, Hans Brunvatne, Erik Vågen 1, Joakim Blostrupmoen 2, Kristian Bruarøy, Ludvig Egge Drange, Kasper Lyssand Haugland, Even Hilland Lærum.

Punkterer kampen

I starten av andre omgang festar gjestane grepet om kampen og rykker frå. Etter ni minutt er leiinga oppe i åtte mål og Os tek timeout. Os har då ikkje skåra i det heile tatt.

– Dei punkterer kampen i starten av omgangen, slår Heggø fast.

Os reiser seg litt igjen, anført av Isak Røen som blir toppskårar med 12 mål.

God læring

Alexander Heggø fortel at det kampen blei omlag som dei tidlegare kampane i haust.

– Vi manglar litt skyts frå bak i banen. Vi er bra når vi har krefter, men er for få å til å dela på ansvaret.

– Samstundes er det god læring for unggutane som står 30-45 minutt av kampen, meiner Heggø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.