Sport | 27. juni 2012

Fekk det tøft på Austevoll

Os held seg nok på toppen av tabellen gjennom ferien, men tok ikkje alle poenga med seg frå dagens strileoppgjer på bortebane.

Fekk det tøft på Austevoll
Christer Olsen (t.h.) skåra 2-0-målet til Os i dag. Her frå opprykkskampen i 2009. (Foto: Benjamin Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. juni 2012 21:22

Onsdag spelte Os siste seriekamp før ferien, på bortebane mot Austevoll.

Austevoll - Os 2-2 (0-1)
Målskårarar, Os: Erik Kanestrøm og Christer Olsen.

Os leia dagens bortekamp 2-0, men var pressa av heimelaget i delar av kampen, og må sjå seg nøgd med poengdeling.

– Dei var gode, eg kan ikkje forstå at dei ligg på nedre halvdel av tabellen, seier Anders Kinden, som spelte heile dagens bortekamp.

Os tok leiinga 1-0 ved Erik Kanestrøm på frispark frå rundt 18 meter og rett i nota. Ei lompe frå Christer Olsen glapp ut av nevane til Austevoll-keeperen og inn til 2-0. Men Austevoll skåra to før ful tid, det siste rundt 80. minutt.

– Austevoll hadde blant anna minst eitt stolpeskot. Det var OK med 2-2 i dag, for eg trur ikkje det blir så mange fleire som tar med seg poeng frå Austevoll ut sesongen.

Til no har Austevoll 2 uavgjorte og 2 tap heime.

– Vi visste at det ville bli ein knalltøff kamp og det blei det, Austevoll var solide i dag. Vi er nøgde med eitt poeng og målsetnaden med vårsesongen, 28 poeng, seier Tim Henrik Sperrevik.

Os: Anders Kloven - Torkel Hjertnes, Per Søgnen Merai, Stian Lunde, Erik Kanestrøm - Simen Lassen, Håkon Kvittingen - Christer Olsen, Anders Kinden, Preben Borgen (Tor Erik Kjosås Berge)- Ramo Racic.

Austevoll tapte kampen om opprykk for Os i 2009, men rykte sjølv opp til 2. divisjon då Os rykte ned hausten 2010. I fjor rykte også Austevoll ned og no ligg dei på 10. plass.

Os ligg framleis på topp, og Arna-Bjørnar må slå Stavanger 13-0 eller meir på førstkomande laurdag for å vippa Os av toppen før ferien.

SJÅ TABELL

Os startar haustserien med bortekamp mot Bjarg onsdag 1. august (kl 19). Bjarg ligg på 5. plass med 24 poeng mot Os sine 28.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.