Lokal | 02. okt. 2010

Fekk fanget fullt

Ordføraren fekk ein god start på årets hummerfiske.

Fekk fanget fullt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 02. okt. 2010 19:21

1. oktober tok ordførar Terje Søviknes som vanleg fri første halvdel av arbeidsdagen.

- Teinene låg klare i båten. Det gjeld å koma seg tidleg ut om du vil sikra deg at ikkje andre har sett på yndlingsplassane dine, seier Søviknes.

Hummarfisket starta klokka 08.00 fredag. Då gjekk teinene i sjøen. Laurdag morgon var Midtsiden med og trekte den siste av dei 20 teinene til ordføraren.

Framleis yrkesfiskar
Medan Søviknes studerte på NHH var fiske ei god og viktig inntektskjelde for han. Frå han blei ordførar i 1999 har det vore hobby.

- Eg måtte kjempa litt for å halda på yrkesfiskar-tittelen, men sidan eg sit i eit folkevalt verv gjekk det gjennom.

Teine er einaste lovlege fangsreiskap når det gjeld hummar. Medan hobbyfiskarar berre kan fiska med 10 teiner kan Søviknes og andre yrkesfiskarar ha 100 teiner i sjøen på éin gong.

- Det såg bra ut på fjorden i dag. Nokre hadde tjuvstarta, men ikkje så mange som enkelte tidlegare år.

Første gong utan far
Ordføraren bur nedst på Søvikneset og treng berre spasera gjennom hagen for å koma til naustet, brygga og båtane sine.

- Eg var mykje med far min og fiska då eg var ung. Det var stort å bli ungdom og få sine eigne teiner, men eg heldt fram med å fiska hummar saman med far også i vaksen alder.

Far til Terje, Eirik, gjekk bort tidlegare i år, 71 år gamal.

- Det er litt spesielt å starta fisket utan han. Eg får sørgja for å bringa dei fine opplevingane vidare til neste generasjon, seier Søviknes og kastar eit blikk på Jonah (3) og Karina (6).

Varsam start
Dei første teinene drog han åleine, men før han sjekka dei siste tre henta han ungane sine på brygga.

- Vi får starta forsiktig så ikkje det blir kjedeleg for dei.

- Vi fekk hummar i begge to! jubla Karina då underteikna hoppa om bord. Å ha ein øyakrabbe i ronga var ikkje til hjelp, den siste teina var det berre småfisk i.

Familiekalas
Søviknes fekk eiin god start på årets hummarfiske, 12 humrar på 20 teiner er bra. I tillegg kasta han to som var under minstemålet (25 cm) ut igjen.

- Dette er meir sport enn det er matauke. Eg og far min leverte ofte litt til eit mottak på Sotra, i år er eg åleine og får det nok travelt på jobb i tillegg, så vi får sjå kor mykje det blir.

- Men det blir nok hummar til det faste familiekalaset, trur Terje.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.