Næringsliv | 26. okt. 2017

Fekk fangsten «i hamn» til opning

Køyrde 2 x 1700 km for å henta fisk: Dei første kundane sto klare då Isfisk opna dørene i dag.

Fekk fangsten «i hamn» til opning
Iris har tatt seg fri for å hjelpa ektemannen Freyr på opningsdagen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. okt. 2017 10:08

Bildeserie:

Butikken er innreia med stolar for dei som vil slå av ein fiskeprat.
Butikken er innreia med stolar for dei som vil slå av ein fiskeprat.
Uer-filet i ferskvaredisken på opningsdagen.
Uer-filet i ferskvaredisken på opningsdagen.
Kaffi og heimelaga fiskesuppe.
Kaffi og heimelaga fiskesuppe.
Denne veka kom også skiltet på plass.
Denne veka kom også skiltet på plass.
1 av 4
Butikken er innreia med stolar for dei som vil slå av ein fiskeprat.
Uer-filet i ferskvaredisken på opningsdagen.
Kaffi og heimelaga fiskesuppe.
Denne veka kom også skiltet på plass.

Tysdag køyrde han frå mottaket og sløyelinjene i Myre i Vesterålen, med over eit tonn fisk frå eigen linebåt, klokka 22 i går kom Hlynur Freyr til Bergen for første levering.

Mesteparten av fisken skulle til Os, der den islandske fiskaren i dag opna butikk.

– Turen gjekk fint. Kjølebilen blei litt sliten, men no har eg bestilt ny bil, fortel Freyr, nøgd med å vera heima i tide til opninga.

Kona Iris Hjaltested, også ho frå Island, har tatt seg fri ein dag frå jobben i Søre Øyane Naturbarnehage for å hjelpa til på opningsdagen. Også i innspurten var det god hjelp å få av ektefella.

– Eit kvarter etter at vi opna hadde vi allereie hatt fire kundar, fortel Iris.

Varm, fersk, kjøl og frys

Isfisk byr på skaldyr og ei rekkje artar med fisk, mykje av det fiska med Freyr sin linefiskebåt, «Isbjørn».

– Det mest eksklusive i dagens utval er nok fersk uer, seier Freyr og peikar på fileten med det raude skinnet i ferskvaredisken.

Butikken er elles innreia med to store frysediskar, eit kombiskap med kjøl og fryst, eit kjøleskap med drikke, ei kaffimaskin - og ein kjele med fiskesuppe. I frysedisken ligg også heimelaga fiskekaker, laga av 80 % sei, vakumpakka i porsjonar med 4, 6 og 12 kaker per pakke.

– Folk må gjerne kome innom og ta seg ein kaffi, ein prat eller ein porsjon heimelaga fiskesuppe med seg i farten. Det er ikkje så mange fotgjengarar på denne sida av Byvegen, men det er ei fin plassering for ein pitstop.

Vil tilsetja nokon med kunnskap

Fiskaren har fleire tilsette på båten, og skal med tida også inn i turnus igjen.

– Men no i starten skal eg stå i butikken kvar dag. Når eg skal på havet igjen treng eg hjelp, men då gjeld det å få tak i den rette. Nokon som liker fisk, som kan filetera og som har kunnskap nok til å gje kundane god service.

Dei første privatpersonane har vore innom og handla, og fleire restaurantar og cateringfirma i Os har tatt kontakt og vist interesse for å kjøpa varer frå linefiskaren.

– Vi har allereie levert noko fisk til restaurant. Det er kjekt at også denne kundegruppa melder si interesse.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.