Lokal | 07. jan. 2019

Fekk fyrverkeri i husveggen

Kvernhusrenen: To unge gutar sprang frå staden.

Fekk fyrverkeri i husveggen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. jan. 2019 08:55

Søndag i 22-tida fekk politiet melding om ulovleg bruk av fyrverkeri i Kvernhusrenen på Søre Neset.

– Innringar fortalte at det hadde blitt skote fyrverkeri rett i ein husvegg, seier politioverbetjent Rune Fimreite.

To unge gutar skal å stukke frå staden etter smellen. Det var mørkt og politiet har ikkje fått ei god skildring av gutane.

– Det har dessverre vore litt tull med fyrverkeri i dette nabolaget før og etter nyttårsftan, med brann i konteinar og sprengde postkassar. Dei som bruker fyrverkeri utanom tidspunktet mellom klokka 18 og 02 nyttårsaftan risikerer bot.

– Vi ber foreldre som bur i området, med ungar eller ungdom i hus, følgja med på kva dei har tilgang på av eventuelle restar av fyrverkeri, og kva dei held på med om dei er ute om kveldane.

Promillekontroll på Søfteland

I 5-tida natt til søndag hadde politiet promillekontroll på E39 ved Joker på Søfteland.

18 bilistar blei kontrollerte, alle var edru.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.