Lokal | 16. juni 2016

Fekk gåve verdt 3 millionar

Torsdag fekk osingane Knutabruo i gåve. – Eg må berre takka og bukka, seier ordførar Terje Søviknes på vegne av Os kommune.

Fekk gåve verdt 3 millionar
Knut Jarle Aspenes og Peder Fløysand overrekte Knutabruo til Os kommune og ordførar Terje Søviknes (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 16. juni 2016 16:53

Bildeserie:

Papira for overdragelsen blei signert på staden (foto: AH)
Papira for overdragelsen blei signert på staden (foto: AH)
Ordføraren og brukameratane kryssa Oselvo (foto: AH)
Ordføraren og brukameratane kryssa Oselvo (foto: AH)
Arne Meland har laga ein plakett som fortel når brua blei opna (foto: AH)
Arne Meland har laga ein plakett som fortel når brua blei opna (foto: AH)
1 av 3
Papira for overdragelsen blei signert på staden (foto: AH)
Ordføraren og brukameratane kryssa Oselvo (foto: AH)
Arne Meland har laga ein plakett som fortel når brua blei opna (foto: AH)

25. oktober i fjor haust opna Knutabruo med ei folkerik opning kor rundt 1000 turgåarar var til stades. Fullt like mange var det ikkje ved brua då Brukameratane overrekte brua til ordførar Terje Søviknes torsdag ettermiddag. Kommunen tar over drifts- og vedlikehaldsansvaret.

– Kommunen er veldig nøgd. Eit av måla våre er å tilrettelegga for friluftsliv i nærområda. Det har de så absolutt gjort her. Det er store befolkningsområder på begge sider av Oselvo som har glede av den.

– Eg må berre få takka! Dette prosjektet syner, som for så mange av "kjekt å ha"-prosjekt at når frivillige, nokre med kapital og det offentlege går saman, så får ein det til, helsa ordføraren.

Jobbar med stien

Ordføraren forsikra om at kommunen jobbar med å realisera stien frå Knutabruo til barnehagen ved Banktjørno.

– Vi fekk nettopp 1 million i spelemidler til dette prosjektet som inneheld turstien over vassledningen, brua og den nye stien. Vi har rett nok støtt på nokre problem med å få køyre større maskiner inn i området, men det skal vi finne ei løysing på.

– Tusen takk for alle som har bidratt, sa ein ydmyk ordførar.

Om lag 3 millioner

Blant dei som har bidratt har Harald Døsen, Peder Lyssand og Knut Jarle Aspenes vore sentrale. Heile prosjektet har kosta omlag 3 millioner kroner i reine penger og dugandsinnsats.

– Vi har fått inn 500 000 kroner frå privatpersonar og firma. I tillegg har både firma og privatpersonar stilt opp på kort varsel og hjelpt til på dugnad, men vi hadde aldri kome i mål hadde det ikkje vore for Knut Jarle. Han har forskuttert 2,1 millionar kroner.

– Eg har aldri opplevd ein så stor dugnadsinnsats, skrytte Peder Lyssand, som òg trekte fram grunneigarane Reidar Rundsveen, Tordis Lund og Opplysningsvesenets fond som har vist stor velvilje.

Får tilbake når han ser bruken

Ein beskjeden Knut Jarle Aspenes ville ikkje ta så mykje av æra, men gledde seg over den bruken brua har fått.

– Eg angrar ikkje på ei krone eg har brukt. Når eg ser så mange folk som bruker denne, så får eg tilbake kvar einaste dag. Dette er folkehelse i praksis, smilte Aspenes.

P.s. Sjølv om ein skulle tru at brua er kalt opp etter nettopp Knut Jarle, så er ikkje det tilfelle.

– Brua er eit knutepunkt mellom begge sidene av Oselvo. Derav namnet Knutabruo, avslutta Peder Fløysand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.