Lokal | 27. jan. 2014
To fekk gebyr
Politiet hadde trafikkontroll på Røtingavegen i går. Måndag morgon fekk dei melding om fleire velta tre.
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 27. jan. 2014 09:43
Søndag i 12.30-tida hadde politiet trafikkontroll på Røtingavegen.
– To bilistar fekk gebyr, éin for manglande bruk av bilbelte og éin for å ha gløymt å ta med seg førarkortet, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Måndag morgon klokka 6 fekk politiet melding om fleire tre som hadde velta på Svegane.
– Det er uvisst om dei sperra noko veg, men fleire av dei låg over nokre kraftlinjer, så teknisk eining og BKK blei varsla.
Laurdag kveld førte velta tre til skogbrann og omfattande straumutkopling.