Kultur | 03. aug. 2015

Fekk god hjelp av sterk ungdom

Både opprigging og nedrigging krev sitt mannskap. Jan Vidar Alnes har leia dugnadsfolket, som var litt ivrigare før festen enn etter.

Fekk god hjelp av sterk ungdom
Jon Inge Keshvitalo frå Bright og teamleiar Jan Vidar Alnes frå dei frivillige i Osfest under nedrigginga i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 03. aug. 2015 08:25

I går var det nedrigging på Osfest-området. Den store scenen på 18 x 36 meter krev mange timar med jobbing.

– Dette er same scene som blir brukt under Bergensfest. Vi går rundt 15 mann i 1,5 dag for å rigga den opp. Det krev tilsvarande innsats å rigga ned, fortel Jon Inge Keshvitalo frå leverandøren Bright.

Fire lastebilar blei fylt med metalldelar søndag ettermiddag. Dei profesjonelle riggarane frå Bright fekk god hjelp av frivillige frå festivalorganisasjonen.

– Flittig ungdom

Jan Vidar Alnes har vore teamleiar for dei frivillige som har hatt med rigging å gjera.

– Til nedrigging var det litt få som stilte, derfor måtte vi kalla inn anna mannskap. Sånn var det i fjor òg, så her må vi gjera noko, seier Alnes.

– Men før festivalen var det kjempebra oppmøte. Mange av dei eg har hatt med meg er ungdomar på rundt 17-18 år, og dei imponerte meg. Det er kjekt å sjå at det er mykje nevenyttig ungdom som veks opp i Os, seier tilflyttaren.

I alt har rundt 300 frivillige dugnadsfolk vore i sving i samband med årets Osfest.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.