Lokal | 01. apr. 2016

Fekk han Yatzy?

Med wunderbaum og to store terningar i frontruta blei ein mann i 30-åra stoppa i trafikk-kontroll.

Fekk han Yatzy?
I tillegg til wunderbaum hang det to terningar i frontruta (ill.foto: wikimedia creativ common 2.0)
Andris Hamrefredag 01. apr. 2016 07:51

Politiet har det siste døgnet hatt fokus på trafikk, med fleire trafikkontrollar.

– Trafikk er viktig for oss, spesielt no i overgangen mellom vinter og sommar. Vi har eit ekstra fokus på dokumentkontroll og teknisk tilstand på dekk og bil, fortel lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Langs Byvegen på Søfteland kontrollerte patrulja 33 bilistar. Éin blei avskilta for tekniske manglar, éin grunna mangel på gyldig forsikring i samband med omregistering.

Må ha fri sikt

BA.no skreiv torsdag kveld om ein bilist i 30-åra som blei stoppa av patrulja i Mobergsbakkane.

– He, he. Dei gjorde det ja, ler lensmannen då Midtsiden referer BA sin sak.

– Men alvorleg, så handlar det om at du som bilist skal ha fri sikt og ikkje ha ting hengane i spegelen eller sidestolpane som kan hindre utsynet.

– Her var det snakk om terningar og nokre wunderbaum som patrulja meinte var i vegen. Mannen fekk muntleg pålegg om å fjerne desse. Pålegget blei motteken på ein fin måte, avsluttar Dyrdal.

Så gjenstår det berre å sjå om bilisten fekk yatzy slik som Øystein Sunde syng i Gamal Amazon; «rister det mer nå, så får han yatzy snart...»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.