Sport | 05. mars 2016

Fekk hjelp av konkurrenten

Sverre Lunde Pedersen på 3. plass før 1500 og 10 000 meteren i Allround-VM. Men på 5000 meteren blei det dramatisk.

Fekk hjelp av konkurrenten
Sverre Lunde Pedersen fekk hjelp av den tøffaste konkurrenten på 5000 meteren laurdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 05. mars 2016 21:44

Sverre Lunde Pedersen starta allround-VM i Berlin med ein heller svak 500 meter med tida 36,79, noko som heldt til 12. plass etter den første distansa.

Sverre var heilt avhengig av ein god 5000 meter for ikkje å bli hekta av i medaljekampen. Han innfridde og gjekk i mål på 6.16.89 og blei nummer to på distansa, berre slått av Sven Kramer. Og nettopp Kramer var mannen som redda Sverre på distansen.

I parløp med Bart Swings blei det dramatisk. Swings fall tidleg i løpet og dro med seg fleire av dei klossane som skil dei to banene. Klossane blei liggande i banen og var ein risiko for Sverre. Ingen av arrangørane reagerte, men det gjorde konkurrenten Kramer som varma opp på indre bane. Han tok ansvar og fjerna klossane slik at Sverre kunne gå trygt runde etter runde.

- Det er for dårleg at klossene ikkje blei fjerna med ein gong, og det hadde vore ein skandale om eg hadde tråkka på dei. At Kramer var så sporty at han kom inn og rydda opp, syner at han er ein stor idrettsutøver, seier Pedersen til BT.no.

Med den gode 5000 meteren har Sverre eit godt utgangspunkt for å ta medalje før søndagens to løp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.