Politi | 25. jan. 2022
Fekk hjelp til å fjerna kvinne frå adresse
Vurderer å melda forholdet.
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 25. jan. 2022 09:20
I 20-tida måndag fekk politiet melding om ei kvinne som var svært pågåande.
– Ho var uønskt på adressa, men ville ikkje forlata plassen, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.
Patruljen møtte kvinna nær adressa. Ho fekk bortvisingspålegg.
– Dei som bur på adressa vurderer å melda forholdet.
Kvinna og bebuarane skal vera bekjente frå før.