Næringsliv | 03. feb. 2010

Fekk ikkje anka

Ankeutvalet i Høgsterett har avvist anken frå Lepsøe. Men striden er ikkje over.

Fekk ikkje anka
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. feb. 2010 12:22

Bildeserie:

1 av 2

Når semitrailarar skal koma til for levering eller henting, er Overflatesenteret AS avhengig av bruk av eit stykke av vegen som går inn på naboen Jan Lepsøe sin eigedom. Men Lepsøe vil bruka eigedomen til å bygga ny veg langs eigen industribygning.

Overflatesenteret tapte saka om vegrett i Nordhordland tingrett 17. oktober 2007. Men 18. september i år vann dei ankesaka, Gulating lagmannsrett har kome til den slutninga at ankeparten har vegrett over naboeigedomen i Ulvenvegen, gnr 54 bnr 776.

Lepsøe ville anka saka til Høgsterett, men fekk 29. januar avslag.

- Endeleg
Bjørn Orrebakken ved Overflatesenteret AS er svært nøgd med avgjerda.

- Eg hadde blitt overraska om anken hadde kome opp, men du kan aldri veta, så eg var litt spent, seier Orrebakken til Midtsiden.no.

- Det har gått 4-5 år, men no har vi endeleg fått ei avgjerd på denne saka.

- Kommunen sitt problem
Hos Ulvenparken og Jan Lepsøe er stemninga ikkje like god.

- Det skal ikkje gå an! Men no er det Os kommune som har eit problem. Vi må snu oss den andre vegen, det er på tide at kommunen, som vi kjøpte eigedomen av, kjem på banen, seier Ann-Elin Lepsøe Berge.

Ho meiner kommunen kunne ha steppa inn tidlegare i prosessen, og kanskje avverga at saka måtte gå den lange vegen i det sivile rettssystemet.

Vil ikkje fjerna fylling
Orrebakken fortel at fyllinga ved Lepsøe sitt hushjørne ligg der enno.

- Heldigvis har vi ikkje hatt dei lengste semitrailarane innom den siste tida, dei ville fått problem med å snu slik det er no. Med avgjerda i Høgsterett må den uansett fjernast.

Men Lepsøe Berge er ikkje einig.

- Vi skal bygga veg langs bygget vårt, og kjem til å halda fram med dette arbeidet, seier ho.






Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.