
Fekk ikkje koma inn - fekk tak over hovudet i Bergen
Mann køyrd til arresten etter brot på pålegg.
Kjetil Vasby Bruarøy
10. august 2019 - 10:19
Osfest sin første av to kveldar på grusen blei folksam og fin, ifølgje politiet utan at det blei noko trøbbel med feststemte ungdomar eller vaksne.
– Folk har oppført seg fint både på festivalområdet, i hamna og i Os sentrum, sa politiførstebetjent Sindre Lekven Hallem til Midtsiden litt før midnatt.
Men med eitt unntak.
– Ein mann som sto på utsida av festivalområdet etter å ha blitt nekta å koma inn, fekk pålegg av oss om å fjerna seg, men retta seg ikkje etter dette.
Vedkomande, ein mann i 20-åra, blei køyrd til Bergen for overnatting i arresten. Han skal ha vore aggressiv, men blir ikkje meldt for anna enn å ikkje retta seg etter pålegg frå politiet.