Næringsliv | 14. jan. 2010

Fekk jobb hos Vollvik

Osingen Jan Erik Bøyum har som første student frå Ludorådet fått leiarjobb hos Idar Vollvik. Frå våren av skal han dela pult med Finn Christian Jagge.

Fekk jobb hos Vollvik
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. jan. 2010 11:09

I oktober skreiv vi om studenten Jan Erik Bøyum frå Os, som sidan i sommar har vore ein av leiarane av Ludorådet. No har han takka ja til fast jobb hos Vollvik.

- Eg held fram i Ludorådet til eg er ferdig med masteroppgåva i mai, så blir det flytting frå Molde til Oslo og fast jobb, seier Jan Erik nøgd.

Ein do-er
Då Vollvik fekk høyra at fleire av kollegaene hans hadde bete seg merke i Bøyum og meinte at dei burde sikra seg osingen, fekk han stadfesta eit inntrykk han hadde frå før.

- Jan Erik har vore ein superkapasitet for oss. Han jobbar sjølvstendig og får oppgåvene løyst, han er ein do-er, seier Idar Vollvik.

I team med Finken
I Oslo blir Bøyum del av ei leiargruppe på fem personar. Då skal han blant anna dela pult med administrerande direktør Finn Christian Jagge.

- Han kjem til å jobba saman med meg i Ludorådet, som bindeledd mellom studentane, dei andre Ludo-selskapa og andre kundar. Ludorådet er overordna Ludo Mobil og selskap som Ludo Wear, Ludo Kids og Ludo Shop, fortel Jagge.

Strukturen er flat i Ludo, og leiarane sit samla rundt eit stort, rundt bord med arbeidsstasjonar – i hovudkontoret til Ludo ikkje så langt frå slottet og Karl Johan.

God råd i rådet
Ludorådet er ei samling av kompetanse der over 70 studentar frå ulike høgskular tilbyr gründarar og etablerte firma hjelp innan sine fag.

- Vi har hatt nokre spennande oppdrag frå folk med gode idear, men gründarar og vegen frå idé til ferdig produkt er lang og tidkrevjande. Derfor har tenester for etablerte firma blitt den viktigaste kundegruppa vår, fortel Jan Erik.

Ludorådet blei lansert i november og bærer seg allereie sjølv økonomisk.

- Blant kundane våre kan eg nemna Sony Ericsson, Amesto, Deli de Luca og Istad Kraft, ulike bransjar og ulike oppdrag. Eg er glad for at eg får halda fram med Ludorådet etter at deg er ferdig på skule.

- Korleis har det gått med studiane i denne travle arbeidsperioden?

- Det har faktisk gått veldig bra. Du får gjort mykje når du har dårleg tid, seier Jan Erik Bøyum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.