Lokal | 26. juni 2014

Fekk juling av eksmannen

Ei kvinne måtte til legevakt og ein mann sit fengsla etter ein valdsepisode onsdag kveld.

Fekk juling av eksmannen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. juni 2014 07:20

Onsdag i 20-tida rykte politiet ut på melding om ei kvinne som blei slått av ein mann.

– Det var høg temperatur på staden då patruljen kom fram.

– I forkant hadde det blitt delt ut fleire slag, fortel lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Dei to involverte er eit tidlegare ektepar, begge er i slutten av 30-åra. Det var fleire vitne til hendinga.

Til legevakt

Kvinna hadde fleire synlege merke og blei kjørt til legevakt for sjekk.

– Ho blei ikkje alvorleg skadd, men er utsett for grov vald.

Mannen blei fengsla og sit no i avhøyr.

Episoden skal ha oppstått då ein av partane oppsøkte den andre for å henta nokre ting. Det har for ei tid tilbake vore ein episode mellom dei to som har ført til at politiet har blitt kontakta, men det har ikkje vore delt ut besøksforbod.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.