Lokal | 16. juli 2012

Fekk kjeft av Kjølen

Politibåten blei varsla etter speedbåtkjøring i Strøno.

Fekk kjeft av Kjølen
Kjølen var i Os i går for å sjekka tips om uaktsam kjøring med speedbåt. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 16. juli 2012 09:54

Søndag blei politiet tipsa om uaktsam kjøring med rask båt.

– Ein mann kjørte speedbåt i høg fart nær land, og låg ifølgje meldar på plan heilt til han var nesten inntil brygga, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Kjølen rykte ut på meldinga og fekk kontakt med båtføraren.

Han fekk ei muntleg åtvaring.

Medan Kjølen var i Os blei det kontroll både rundt Strøno og utanfor Halhjem.

– Det var lite båttrafikk og ingenting å reagera på, fortel Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.