Lokal | 09. mai 2017

Fekk klare tilbakemeldingar

E39 Stord-Os: Her er dei viktigaste omsyna Statens vegvesen må ta i Øyane, ifølgje brukarane som i dag var i møte.

Fekk klare tilbakemeldingar
Signe Eikenes og dei andre fagfolka frå Statens Vegvesen fekk klare tilbakemeldingar under tysdagens verkstad (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 09. mai 2017 19:45

Tysdag inviterte Statens vegvesen brukarar av området ved Kobbavågen til verkstad for å få tilbakemeldingar om kva utfordringar som er i området og kva ein spesielt må ta omsyn til under anleggsfasen og når vegen står ferdig.

Medan representantar frå Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden valde å boikotte møtet, og heller stå utanfor Oseana for å protestera, stilte politikarar, adminstrasjon og representantar frå barnehagen, skulen og sanitetsforeninga i Øyane opp for å gje sine tilbakemeldingar til vegvesenet og arkitektane.

– Det var synd at ikkje fleire av dei inviterte ville stille, men dei tilbakemeldingane vi har fått i dag har vore særs nyttige for oss, fortalde prosjektsjef Signe Eikenes etter oppsummeringa vi fekk vera med på.

Anleggsfasen viktig!

Blant tilbakemeldingane vegvesenet fekk var at anleggsfasen er viktig.

– Det at det berre skal vera persontransport av arbeidarar og ikkje tyngre køyretøy eller massetransport er heilt sentralt. Massane og maskinane må komma sjøvegen via lekter. Noko anna kan ikkje aksepterast.

– Anleggsvegen må dessutan leggast så skånsomt som mogleg i terrenget, slik at ein ikkje øydelegg den urørte naturen, men i staden går rundt og seinare bli brukt som gang- og sykkelveg. Vi må òg kunna nytta området i anleggsperioda.

– Det siste i høve anleggstrafikken er at skulevegen må skjermast langs heile Lepsøyvegen. Tryggleiken for ungane er det viktigaste, var blant tilbakemeldingane.

– Det er òg viktig at perioden med anleggstrafikk blir så kort som overhovud mogleg. Det er ein frykt for at den skal bli ti år, det er ikkje godt nok. Veit vi at den er på to og eit halvt år, så skal vi klare å leva med det. Difor er tidsplanen kjempeviktig, supplerte ordførar Marie Bruarøy.

Skjerm området for støy

I møtet fekk deltakarane presentert to ulike løysingar for ilandføring av bru i Øyane. Desse skissene vil truleg bli presentert på folkemøtet førstkommande torsdag. Tilbakemeldingane på desse var også tydlege.

– Dette er eit turområde, og den einaste staden i Øyane ein kan nyta fred og ro med fulgesang og bølgeskvulp. Difor er det særs viktig at vegen blir maksimalt skjerma, kommenterte deltakarane.

– Om vi trekk staden der vegen går ned i tunnell dit, og legg støyvoll slik, og skjermar brua slik vil området innanfor knapt bli støyutsatt. Men det er klart at litt meir støy enn i dag blir det. Det er noko psykologisk med det òg. Ser du trafikken så er det lett å meine at du høyrer den òg, kommenterte arkitektane og ekspertene frå vegvesenet.

– Støy er ein av tinga vi skal gjera spesielle vurderingar av, saman med tekniske ting, naturmangfall og kostnader med bakgrunn i tilbakemeldingane, tilføya Eikenes.

Alternativet med bru forkasta

Éin ting er vegvesenet heilt tydelege på; alternativet som låg i konsekvensutgreiinga med dagløysing over Søre Øyane er uaktuelt.

– Det er forkasta. Det blir inga dagløysing over Øyane, slo Eikenes fast.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.