Fekk kutt over auge
Ampert i sentrum i natt. Ein måtte til legevakta med kutt over auge.
Omlag klokka 0315 natt til søndag blei det slåsting i Os sentrum.
– Der skal det har vore amper stemning og tilløp til slåsting. Ein gut har fått eit slag som gjorde at han fekk eit kutt over det eine auge, fortel operasjonsleiar i Vest Politidistrikt.
Kuttet blei behandla på legevakten. Guten vil sjølv anmelde forholdet.
– I tillegg var det to bilar som fekk muntleg pålegg om ikkje å køyra i sentrum natterstid. Dei slapp unna forelegg denne gongen, men det er loggført.
Køyrde ulovleg, innrømma det
Tidlegare på dagen, klokka 16.30, blei ein bilist stoppa på Lepøsy.
– Han køyrde ein bil som mangla både skilt, forsikring og EU-godkjenning. Mannen blir anmeldt for dette og erkjende at han hadde tatt ein sjans ved å køyre den ikkje godkjende bilen.