Audun Hadler-Olsen (t.v.) og Rune Fimreite byrjar begge i ny jobb i Vest politidistrikt 1. februar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fekk kvar sin leiarjobb i Vest PD

Begge blei tilsett ved Os lensmannskontor i 2001. No er Hadler-Olsen og Fimreite på veg til nye utfordringar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

To av dei fire politioverbetjentane ved Os lensmannskontor har fått nye leiarstillingar i Vest politistrikt.

Audun Hadler-Olsen blir leiar for nyoppretta avsnitt for etterforsking av drap og grov vold, eit lag av etterforskarar som skal støtta lensmannskontora i heile distriktet, eit avsnitt som har blitt omtala som «Mini-Kripos».

Rune Fimreite har fått stillinga som fagleiar for PTI (politiets tilstedeværelse å internett). Politiet har planar om å bli meir tilgjengelege i sosiale media, og eit prosjekt med ei eiga nettpatrulje er blant det Fimreite skal vera med å etablera.

– I kjølvatnet av politireformar opnar det seg sjansar som desse stillingane. Det er klart at det er synd å mista to så erfarne og dyktige politioverbetjentar, begge med svært god lokalkunnskap, men det er feil av meg å bremsa tilsette som søkjer nye utfordringar, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

– Eg vil heller prøva å stimulera til vidareutvikling, og eg er stolt over at to av våre folk fekk desse leiarstillingane i politidistriktet.

Lensmannen seier han har kome langt i prosessen med å erstatta Hadler-Olsen og Fimreite, som begge går til ny jobb 1. februar.

– Ein god arbeidsplass og eit triveleg miljø

Fimreite var ferdig utdanna politi i 1995. Han jobba 5 år i Oslo og 1 år i Bergen før han i 2001 byrja å jobba i heimbygda. Hadler-Olsen var ferdig utdanna i 1997, og jobba i Bærum før han i 2001 kom til Os.

Begge har hatt permisjon frå jobben, Audun for å trena dei beste unge roarane i Noreg, Rune for å jobba med IT i privat næringsliv. Felles er òg at dei kjem til å sakna jobben og arbeidsmiljøet dei no går frå.

– Vi trivst godt her i Irisgården, med kollegaene og med Oddbjørn som lensmann. Men vi er begge klare for å fordjupa oss i enkelte fagområde, og ser fram til nye oppgåver.

Politiet på Snapchat

World Wide Web blei oppfunne i 1991. Fimreite har vore på internett sidan 1992. Frå enkeltmannsforetak har han laga heimesider til firma, og etter at han var ferdig utdanna politi har han både vore IT-ansvarleg på Majorstua og tatt kurs og undervist andre internt i politiet.

No får han bruka datakunnskapen sin som fagleiar PTI i Vest politidistrikt.

– I dag varierer det frå stad til stad kor tilgjengelege politiet er i sosiale media. Nokre stadar er det òg personavhengig, at det varierer veldig ut frå kve som er på vakt. Vest politidistrikt ønskjer å bli flinkare både å spreia informasjon, og å vera tilgjengeleg for tovegskommunikasjon, via nett.

Mens politiet informerer om hendingar via Twitter, skal det no, via Facebook og Messenger, gå an å stilla spørsmål og få svar.

– Den oppveksande generasjonen liker i mange samanhengar betre å skriva enn å snakka. Chat skal ikkje erstatta telefon når det kjem til saker som krev akutt innsats, men kan vera med på å seinka terskelen for dialog i mange andre saker.

Også Snapchat skal brukast, men gjerne i samband med festivalar og andre større arrangement eller hendingar.

– Kor mange tilsette blir det i avdelinga du skal leia?

– Eg veit ikkje. Oslo har 6, vi får kanskje 3-4 i starten. Målet er at avdelinga på nett skal bli eit av dei største «lensmannskontora» i disktriktet.

Dei mest alvorlege sakene

Audun Hadler-Olsen blir leiar for avsnitt for drap og grov vald. Vest politidistrikt ønskjer å styrka kompetansen i heile distriktet innan etterforskning av dei mest avorlege sakene.

– Vest PD ser fordelen ved at saker blir etterforska lokalt, derfor oppretter dei eit avsnitt som skal senda etterforskarar ut for å hjelpa til der hendinga har skjedd.

Os lensmannskontor har sjølv mottatt støtte frå Kripos i ulike samanhengar, og sendt etterforskarar som Hadler-Olsen for å hjelpa til i Bergen.

– Lokalt skal du prøva å vera god på mange ulike fagområde. Det er mykje hjelp å få når dei som har dette som fag kjem med på laget. Det handlar om alt frå strategi og avhøyr til rettsmedisinsk og digital kompetanse.

Intervjurundane er i gang for å finna etterforskarar til Hadler-Olsen sitt lag.

Frå det enkle til det triste

Os er framleis ei bygd, sjølv om folketalet har auka frå 13.900 til 20.600 frå 2001 til 2018. Fimreite og Hadler-Olsen ser tilbake på 17-18 år med stor variasjon i arbeidsoppgåver og hendingar.

– Du legg ein plan for neste dag, men den blir ikkje alltid som venta. Brått er du på veg med blålys, og du veit ikkje alltid kva som ventar deg. Det kan vera inga sak, ei enkel sak, noko brutalt eller noko trist. Vi har blitt godt kjent i vår eiga bygd, på godt og vondt. Vi har møtt folk vi har kunna hjelpa, og vi har møtt folk i livskrise.  

Drap, valdtekt og grov vald har vore del av arbeidsdagen også i Os.

– Er det saker som skil seg ut, som de ser tilbake på og tenkjer «bra jobba»?

– Drapet på Hilda Feste var trist, alvorleg og brutal. Då opplevde vi ei veldig brei støtte og forståing frå store delar av bygda. Vi sette av nærmast alle ressursar til etterforsking, og opplevde at innbyggarane både engasjerte segog viste tolmod mens andre saker blei ståande på vent.

– GHB-saka var òg spesiell. Saman med Os kommune gjorde vi eit tverrfagleg stykke pionerarbeid då vi på sette ein bråstoppar for den nesten riksdekkande, farlege rus-trenden.

– Er det nokre rare eller morosame minne frå arbeidet ute i felten?

– Ja, fleire. Den eine episoden er frå same GHB- og GBL-periode. Vi var på ransaking og fann ei flaske med væske under ei seng. Stoffet kunne ha ulik farge, men svak lukt. Ein kollega av oss stakk nasa  nesten nedi flaska og drog inn så godt han kunne. Han forsto rast kva det var, og det var ikkje ulovlege dropar i det som viste seg å vera ei «pisseflaske».

Ved sidan av å sakna kollegaene i Irisgården, vil Audun og Rune takka for det gode og stadig tettare samarbeidet med fleire einingar i Os kommune.

– Forebygging er det viktigaste av alt. Det arbeidet som blir gjort i dag, saman med SLT-koordinator, er svært positivt, seier dei to.

Fleire saker