Kultur | 13. nov. 2010

Fekk kvar sine kamera

WT-Festivalen: Fjellheim var smikkfull under dagens barnefestival. Fire unge filmskaparar fekk dessutan flotte premiar.

Fekk kvar sine kamera
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 13. nov. 2010 13:36

- Det lokalproduserte er veldig populært under festivalen, men det er ikkje berre dei gode dokumentarane filmprodusentar frå Os har å by på, seier festivaldirektør Ole Henning Bøe.

I år hadde arrangørane invitert til filmskapar-konkurranse for unde under 11 (!) år.

- Temaet var jakta på Kald Kaffi-sauen, og vi fekk inn fire flotte bidrag. Juryen, nokre fire- og femåringar frå Kuvågen barnehage, fekk så tøff oppgåve med å kåra vinnar at vi bestemte oss for at alle skulle få førstepremie.

I tillegg til fin t-skjorte og den spennande sisteugåva av Vidar B. Mæland-boka om Kald Kaffi-sauen fekk dei fire unge filmskaparane Kristin Alves Brekke, Lilly-Mae Grønvigh, Margaret Slettevold og Nils Trygve Gusjås Torrissen kvar sine videokamera.

Lang kø før opning
I god WT-ånd er også barnefestivalen gratis. Marknadssjef i Disney Norge, Bård Stokke, stilte opp med promovisning av den nyleg relanserte klassikaren «Skjønnheten og Udyret».

- Bård har vore på mange av festivalane våre og blir rekna som ein av våre gode onklar i Tigerstaden, seier Ole Henning.

Utanom gratis kino og gratis pizza sponsa av Peppes på Os hadde WT-arrangørane kjøpt inn mykje snop og brus ungane kunne forsyna seg med.

- Dei første kom ein time før start, eit kvarter før vi opna kinosalen sto det kø ned trappa, ut gjennom teltet og nesten ned til Os Næringspark.

Fest i Fjellheim - Oseana neste
WT har hatt mange ungar på barnefestivalen før, men dette er rekord og maks av det Fjellheim har plass til.

- Det skal bli godt å flytta festivalen inn i Oseana, vi har med fleire delar av festivalen vakse ut av Fjellheim.

Fire dagar denne veka har det vore fullt opp med barnehagevisningar. På kveldstid har det vore filmframvising for ungdom og vaksne, quiz, debatt og rockefest.

- Kvelden i går blei veldig bra, Rock N Reel kan nok kallast tradisjon allereie, fortel Espen Hjertaas.

- I kveld rundar vi av med galla og avskjedsfest for Fjellheim, no er det Oseana neste, seier Bjørn T. Bøe.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.