Sport | 06. mars 2017

Fekk lite å jubla for

Bringjentene med to tap i Sandefjord. – Dette var dagen då lite fungerte, seier trenaren.

Fekk lite å jubla for
Det blei ikkje like mykje å jubla for søndag, som i desember då J16 til Os/Nore Neset kvalifiserte seg til Bringserien (arkivfoto)
Andris Hamremåndag 06. mars 2017 11:36

I desember kunne samarbeidslaget med J16-spelarar frå Os og Nore Neset jubla over å ha klart kvalifiseringa til den nasjonale Bringserien. Søndag gjekk turen til Sandefjord og møte med vertane Sandefjord og Hånes.

– Møtet med Bringserien har vist at nivået frå midt på tabellen og opp er såpass høgt at vi må vera 100% skjerpa og på, for å ha moglegheit til å hamla opp med motstandarane, oppsummerer Trond Budal etter helgas tredje runde.

Sandefjord - Os 29-20 (16-9)
Os - Hånes 18-32 (6-11)

Kampane blei spelt i Bugårdshallen i Sandefjord.

– Vi fekk sett begge motstandarane i deira interne oppgjer før vi skulle møte dei sjølv. Vi meinte etter den kampen at dette var lag vi kunne hamla opp med, men slik blei det ikkje.

– I staden fekk vi meir eller mindre ein kollektiv svikt kor ingenting fungerte for nokon av oss. Det var ingen av oss som var på, og då vinn ein ikkje kampar på dette nivået.

– Rett nok klarar vi å løfta oss dei siste ti minutta i kampen mot Sandefjord, så den perioden skal vi vera nøgd med, men resten av søndagen må vi vera så ærlege å seie var under pari.

Skal trøkke til

Neste, og siste runde, går helga 1. og 2. april på Oppsal i Oslo. Då møter Osjentene Bodø (11), Oppsal (7), Kragerø (6) og Nærbø (2).

– Vi må berre bruke tida fram til då til å trena godt og få trøkk på treningene. Vi ser vi møter gode lag som trøkker til kvar ein duell. Dit må vi også komma.

– Klarer vi det, meiner eg vi skal ha god sjans til å ta fire poeng borte i Oslo. Nærbø og Oppsal er gode lag, som blir tøffe. Kragerø og Bodø meiner eg vi skal ta om vi er skikkeleg skjerpa, avsluttar Budal.

Os ligg før siste serierunde på 10. plass med fire poeng.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.