Lokal | 29. mai 2018

Fekk lov å bruka av overskotet

Os ungdomsskule får aktivitetsapparat og rådmannen får rydda i arkivet.

Fekk lov å bruka av overskotet
Rådmann i Os kommune, Christian F. Fotland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 29. mai 2018 08:30

Bildeserie:

Helge Steinum (Ap). (Foto: KVB)
Helge Steinum (Ap). (Foto: KVB)
Ståle Skaatun (Høyre). (Foto: KVB)
Ståle Skaatun (Høyre). (Foto: KVB)
Tryggve Lillestøl (KrF). (Foto: KVB)
Tryggve Lillestøl (KrF). (Foto: KVB)
Jakob Enerhaug (KrF). (Foto: KVB)
Jakob Enerhaug (KrF). (Foto: KVB)
Siren Tømmerbakke (Sp). (Foto: KVB)
Siren Tømmerbakke (Sp). (Foto: KVB)
1 av 5
Helge Steinum (Ap). (Foto: KVB)
Ståle Skaatun (Høyre). (Foto: KVB)
Tryggve Lillestøl (KrF). (Foto: KVB)
Jakob Enerhaug (KrF). (Foto: KVB)
Siren Tømmerbakke (Sp). (Foto: KVB)

I formannskapet blei årsrekneskapen godkjent med 6 av 9 stemmer (3 Frp, 2 Høyre og 1 Venstre), også i kommunestyret var det nokre parti som ikkje ville gå for Frp og Høyre sitt framlegg til vedtak, der dei vil bruka 16,1 av 52 millionar kroner til sju ulike tiltak.

Helge Steinum (Ap) var den første som tok ordet.

– Vi vil gå for det opprinnelege (frå administrasjonen) forslaget til vedtak, sjølv om det var mange gode tiltak som blei lagt fram i formannskapet. Vi meiner vi ikkje bør ta oss råd til desse no.

Ståle Skaatun (H) svarte med å visa til kva som blei sagt av posisjonen på budsjettkonferansen hausten 2017.

– For det første vil eg skryta av ein god årsrekneskap. I haust sa vi noko om både kyrkja, som er 150 år, asfaltering, trafikksikring og vedlikehald. Ifølgje vedtaket står det no 35 millionar kroner disponible.

Sånn vil Os kommune bruka og plassera overskotet på 52 millionar kroner frå 2017:
2,9 mill.: Arkivopprydding
5,0 mill.: Vedlikehald
2,0 mill.: Digitalisering
0,2 mill.: Aktivitetsapparat på Os ungdomsskule
2,0 mill.: Reasfaltering
2,0 mill.: Os kyrkje
2,0 mill.: Trafikksikring
35,9 millionar kroner: Investeringsfond

Meir enn fire gongar så bra som venta

Eirik André Hesthamar (Frp) følgde opp med å seia at ein kan undra seg over kva som skal til for å skapa begeistering hos ein revisor når det står «mindreforbruk på 52 millionar kroner» i rapporten.

– Staten ventar 1,75 prosent overskot i ein kommune, Os kommune leverte 9,24 prosent. Det seier meg at vi har lojale einingsleiarar i Os. Ved sidan av å setja av pengar har vi vore opptatte av å gjera enkeltinvesteringar. Noko av det eg vil trekkja fram er rentefond. Vi står med eit solid overskot som eg synest vi skal applaudera.

På spørsmål frå Jakob Enerhaug (Frp) om kva posisjonen tenkjer om disponering av desse pengane i forhold til å vera nøkteren svarte Hesthamar at det nettopp er det han opplever at framlegget er.

– Vi drar heller ikkje på oss meirutgifter ved desse investeringane eller ved vedlikehaldet vi ønskjer å ta.

Tryggve Lillestøl (KrF) ønskja å få lista opp investeringsforslaga for så å ta gruppemøte. Etter møtet konkluderte han med at utgiftene berre ville auka om ikkje vedlikehaldet blei tatt og sa han ville stemma for posisjonen sitt forslag.

Fotland forklarte

Harald Lekven (Sp) lurde på om det gjekk an å stemma på éi og éi investering?

– Det er vel forskjell på arkivrydding og trafikksikring? spurde han, og hausta litt latter frå salen.

Partikollega Siren Tømmerbakk ba administrasjonen seia litt meir om kostnaden med arkivrydding, då dette var ein så stor post.

Rådmann Christian F. Fotland forklarte.

– Nokre utgifter kan vi ikkje berre bestemma om kjem eller ikkje, dei berre kjem. Vi har mykje arkiv ute på skulane og på rådhuset, dette MÅ inn i det interkommunale arkivet. Denne jobben må gjerast uansett.

Ordførar Marie Lunde Bruarøy (H) let salen røysta over det opprinnelege forslaget og framlegget til posisjonen. Så fekk dei stemma post for post.

Ingen stemte imot arkivrydding, 5 mill til vedlikehald fekk 24 (av 35 stemmer), ingen stemte imot 200.000 til aktivitetsapparat på Os ungdomsskule, reasfaltering fekk 24 av 35 stemmer og Os kyrkje og tafikksikring fekk begge 25 stemmer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.