Linda Andersen frå Er-An Veikro og Frank Hetleflåt frå Os Amcar Club. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Linda Andersen frå Er-An Veikro og Frank Hetleflåt frå Os Amcar Club. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fekk løyve til burning 4. juli

Ja, det kjem amcar-parade i år òg. I tillegg blir det konkurranse i å laga blårøyk på Røykenes!

Kjetil Vasby Bruarøy
15. juni 2016 - 21:47

Laurdag 4. juli i fjor gjekk Os Amcar Club og Er-An Veikro saman om å laga ei storstilt feiring av den amerikanske nasjonaldagen.

Med 75 amcars i parade frå restauranten på Røykenes til Hegglandsdalen og tilbake, til fest med linedance og konsertar i telt ved vegkroa, blei det feiring frå formiddag til seint på natt.

Sjå video og bildeseriar frå 4. juli 2015:
På cruising med Haugland og Thuen
Lothepus svingte seg med publikum

I år er 4. juli på ein måndag. Det blir likevel både parade og action, men eit litt anna opplegg etter at kortesjen er tilbake på Røykenes.

– Det er enkelte som har spurd om ikkje vi vil flytta feiringa til nærmaste laurdag, men vi føler at det einaste riktige er å gjera som med 17. mai, feira det på den dagen datoen landar på, seier Linda Andersen frå Er-An Veikro.

– Sidan dei fleste skal på jobb dagen etterpå legg vi ikkje opp til konsert og fest, men med dette løyvet skal det nok bli festleg likevel, seier Linda og viser eit rykande ferskt løyve.

Arrangerer konkurranse i burning

Os lensmannskontor har gjeve arrangørane grønt lys til å svi dekk. Etter paraden blir det konkurranse i burning.

– Alle med amerikansk bil er velkomen til å delta, anten bilen er ny eller gamal, seier Frank Hetleflåt.

Os Amcar Club lover fine premiar.

– Vinnaren blir kåra av ein jury, og ikkje avstemming. Her handlar det enkelt og greit berre om å laga mest mogleg røyk.

Konkurransen blir på lukka område på den nye parkeringsplassen i gropa lengst vekke frå restauranten. Her skal éin og éin i elden mens det er bra plass til publikum i skråbakken opp mot fortauet og busshaldeplassen.

– Det blir klare reglar og prioritet på tryggleik, presiserer Frank.

– Vi er veldig takksame for dialogen med lensmannen og for tilliten dei viser oss, skyt Linda inn.

Ny rute for amcar-paraden

Amcarklubben og Er-An Veikro håper på like god deltaking på paraden som i fjor, og fortel om ny rute for 2016.

– Det var veldig kjekt i fjor, spesielt det at det var så mange som hadde stilt seg opp langs vegen fleire plassar. Mange hadde også kledd seg opp, tatt på hatt og vinka med amerikansk flagg. Vi fekk gode tilbakemeldingar både frå publikum og dei som køyrde.

– Vi vil byta litt på kor paraden går, og i år køyrer vi til Halhjem og Bjørnen for å snu ved fotballbanen ved Halhjem barnetun.

Påmelding til parade og burnekonkurranse er hos Er-An Veikro.

– Paraden går frå Røykenes rundt klokka 18.30. Vi kjem tilbake til reiserute og klokkeslett så folk kan koma seg ut til rett veg til rett tid om dei vil sjå på, seier Linda og Frank.