Fekk løyve til å køyra på isen

I helga blir det motocross på Ulvenvatnet.

Frå køyring på is på Ulvenvatnet i 2013. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. feb. 2021 15:27

Med farbar is på over 20 cm har Os MC & MX klubb søkt kommunen om løyve til å køyra på isen igjen.

– Vi fekk løyvet i går, og køyrde ned og brøytte oss ei god løype, seier formann Sindre Midtun.

Under det tjukke snølaget som kom søndag, skal isen vera fin. Det oppdaga òg folk som allereie var på vatnet med skøyer.

– Eg hadde sikkert 6-7 stykker etter med då eg brøytte, så eg tok ein runde for å laga skøytebane òg.

Bane og is laurdag og søndag

Midtun reknar med at 8 til 12 køyrarar har piggdekk og står klare til køyring på is i helga, men at fleire kan koma til neste helg.

– Vi vil ikkje ha for mange på isen om gangen, ungdomen har jo ein god porsjon konkurranseinnstinkt når hjelmen kjem på. Vi vekslar mellom bane og is, og har naturlegvis både sperreband og tryggleikssone på isen, og eigne banevaktar.

– Unner bilkøyrar det same

– Å få køyra på isen betyr mykje for medlemmane våre, både som trening og til inspirasjon. På Austlandet held dei jo på med dette heile vinteren år etter år.

Midtun er glad for løyvet, og seier samtidig at han skulle ønskt det var ein bilklubb i Os som søkte og fekk tilsvarande løyve.

– Vårt løyve handlar om crossyklar, men det hadde vore veldig kjekt om også dei som driv med bilsport, eller som berre ønskjer å køyra litt på is, fekk oppleva det same som oss.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.