Fredag var ordførar i Fusa Atle Kvåle (Ap), fungerande ordførar i Os Laila Reiertsen (Frp) og ordførar på Tysnes Kåre Martin Kleppe (H) i møte med Fylkeskommunen og Skyss for å diskutera den siste tids utfordringar med ferjesambanda på Bjørnefjorden og til Austevoll.
– Det var ikkje eit oppvaskmøte, men eit møte kor vi fekk lufta ut. Dei var samde i at informasjonsarbeidet rundt ferjestansane ikkje var godt nok håndtert.
– Fylkeskommunen har også hatt møte med Fosen Namsos som innrømmer at heller ikkje dei hadde vore gode nok på informasjon og at dei tek situasjonen på alvor, fortel Reiertsen og Kvåle når Midtsiden møter dei framfor rådhuset på Os.
– Vi var tydeleg med dei at dei må involvera oss når det oppstår driftsutfordringar. Då er det ofte kommunen som blir kontakta av innbyggjarane, så vi understreka at dei ville tene på å halde oss informerte.
Blei beroliga
Dei to var spesielt opptatt av sambandet mellom dei to kommunane, Hatvik-Venjaneset og då spesielt korleis situasjonen blir etter 1.1.18.
– Vi blei beroliga etter å ha fått høyre om responstid og at beredskapsvegen blir ivaretatt, men det er ei gamal ferjeflåte vi har no, så feil kan oppstå, men i høve Fosen Namsos, så var fylkeskommunen veldig tydelege på at det vil bli sanksjonar om vi får situasjonen vi hadde tidlegare i vår igjen. Då vil kronene rulla for ferjeselskapet.
Mykje frustrasjon
Kleppe var naturleg nok mest opptatt av ferja til Tysnes.
– Køene på Halhjem blir det jobba med. Dei skaper mykje frustrasjon slik det er i dag, men når autopass blir innført på ferjene og billettbodene blir fjerna så har dei tru på at det skal betra seg. Med den nye ordninga betaler ein berre for bilen, uavhengig av kor mange passasjerer det er i den.
Den nye hovudåra
Når nye anbod trår i kraft frå 2020 er det med nye elektrifiserte ferjer.
– For Fusa er det viktig at den tidlege avgangen klokka 0535 blir oppretthelde og at det er hyppige ferjeavgangar i rushtida på morgon og kveld, så kan vi leve med at dei ladar litt lengre midt på dagen. Det er òg viktig at dei har kapasiteten som Svegatjørn-Rådal vil generere også til og frå Fusa, påpeiker Atle Kvåle.