Lokal | 16. okt. 2018

Fekk lys på Knutabruo

– Lokal ekspertise stilte opp med både solcellepanel, festeordning, styring og LED, fortel Brukameratane.

Fekk lys på Knutabruo
To solcellepanel er montert. I går blei lyset tent. Rigmor Sletnes og brukamerat Knut Jarle Aspenes var med på «lysfesten». (Privat foto/tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. okt. 2018 07:50

Knutabruo, som blei opna i oktober 2015, fekk i oktober i fjor selskap av ein stor, arkitektteikna gapahuk.

No har det òg kome lys på brua, og lyssystemet er sjølvforsynt med straum.

– Då vi bygde brua og gapahuken felte vi ein del tre, så sikta frå stien mot brua skulle bli betre, spesielt når du kjem gåande frå Nordmarka i sør, seier Peder Fløysand på vegne av dugnadsgjengen «Brukameratane».

– Etterkvart tenkte vi at det burde vera mogleg å få lys på brua. Det er mange som går tur om hausten òg. Folk har gode hodelykter, men litt lys på ein installasjon som denne kan vera med på å lysa opp kveldsturen.

Velvilje og gåvar

Fløysand fortel at dei tok ein ringerunde til lokale elektrikarar, med spørsmål om solceller, før dei landa på Sperrevik Elektro.

– Amund Sperrevik hadde to nye solcellepanel ståande, som han gav til oss. Vi fekk ein hyggeleg pris på montering, og vi kom i kontakt med ingeniør Truls Rasmussen, som ordna med batteri, LED-lys og sjølve styringa.

Til å festa dei to solcellepanela trengte Brukameratane metall.

– Også her møtte vi velvilje. Karl Ole Lyngbø hos Vestmekaniske i Hegglandsdalen er vant med å skreddarsy løysingar, og tok godt imot oss!

Tente lampane i går

Saman med «finansministeren» i Brukamerat-gjengen, Knut Jarle Aspenes, blei prosjektet realisert.

– Då alt var klart samla vi i går Brukameratane i gapahuken og tente lysa. Det blei faktisk ein liten fest utover kvelden, innrømmer Peder.

No håper han på ytterlegare fornying i området.

– Os kommune har lovd å få på plass nokre robuste leikeapparat ved gapahuken. Eg håper dei får dette til om ikkje så lenge, då blir denne staden endå meir komplett som turmål.

Styrke og tid

50 meter med LED er montert. Desse skal no «fin-tunast».

– Vi hadde tatt inn solcellepanela for test og demo. Éin ting er kva du kan lesa deg opp på, ein annan ting er korleis det fungerer. Vi ønskjer å bli betre også innan dette området, men då Brukameratane kom fann vi ut at dette prosjektet både er verdt å støtta, og ein god test, seier Amund Sperrevik.

– Rasmussen er fantastisk flink, og sto for levering og montering av sjølve lyssystemet. No blir det spennande å sjå kor mykje energi solcellene klarer å fanga gjennom vinteren, og korleis vi best skal styra lysstyrke og timing på lyset på brua.

Solcellepanelet produserer cirka 10 gongar så mykje elektrisitet om sommaren som i januar, når behovet for lys er større.

– Vi har to panel, og batteriet, som er ei gåve frå leverandøren, har stor kapasitet. Ved å styra systemet til berre å gi lys frå for eksempel klokka 17 til 23, og i passeleg styrke, håper vi å klara å halda lysa i drift gjennom vinteren, seier Truls Rasmussen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.