Lokal | 29. jan. 2020

Fekk melding om brann i rubhall

Sløkte «ubemanna» bål i Kloppamyra.

Fekk melding om brann i rubhall
Brannvesenet dokumenterte på staden. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. jan. 2020 20:11

Bildeserie:

Første melding gjekk ut på brann i ein rubhall. (Foto: KVB)
Første melding gjekk ut på brann i ein rubhall. (Foto: KVB)
Det var ingen folk på staden. Politiet har oppretta sak. (Foto: KVB)
Det var ingen folk på staden. Politiet har oppretta sak. (Foto: KVB)
1 av 2
Første melding gjekk ut på brann i ein rubhall. (Foto: KVB)
Det var ingen folk på staden. Politiet har oppretta sak. (Foto: KVB)

Onsdag i 18-tida fekk Os brannvesen melding om brann u rubhall inst i Kloppamyra.

Brannvesen, politi, legevakt og ambulanse rykte ut.

– Det var ingen personar her då vi kom fram. Det dukka heller ikkje opp nokon no mens vi var her, seier politibetjent Robert Jacobsen.

Med andre ord var det ingen personar som var skadd, og lege og ambulanse kunne gjera retrett.

Brannen skal ha vore i nokre materialar, og såg ut til å vera eit bål.

– Ifølgje nokre vitne skal det ha brent her også tidlegare i dag. Det er bilar i nærleiken, men regn og lite vind, så det var ingen umiddelbar fare for spreiing, seier varabrannsjef Erik Walden.

Det skal ha vore både plast og materialar i bålet, ting som ikkje er lov å brenna. Politiet har oppretta sak.

Midtsiden har òg blitt tipsa om utrykking til Os vgs i kveld. Brannvesenet opplyser at det er ei øving som pågår, som vil halda fram torsdag ettermiddag og kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.