Brannvesenet og politiet rykte ut til noko dei trudde var brann i uthus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fekk melding om brann i uthus

Viste seg å vera eit bål med ymse innhald.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Onsdag i 12-tida fekk politi og brannvesen melding om brann i eit uthus i Lyseklostervegen.

På staden viste det seg å vera eit bål, ikkje ein bygning.

– Det viste seg og at bålet inneheldt ein del ting som absolutt ikkje skal brennast heime i hagen, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Bygningsmaterialar og ei madrass var blant det som låg på bålet.

– Det generelle bålforbodet frå 15. april til 15. september gjeld i utmark, små hagebål er lov, om det er hageavfall som blir brent, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Brannvesenet sløkte det ulovlege bålet, sjølv om det ikkje var fare for spreiing.

Politiet seier det kan koma ein reaksjon på bålbrenninga, men at dei ført skal diskutera saka med brannvesenet.

 

Fleire saker