Lokal | 22. juni 2018

Fekk melding om «full fyr i kjøkken»

Brannen var sløkt då brannvesenet kom fram.

Fekk melding om «full fyr i kjøkken»
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. juni 2018 08:36

Torsdag klokka 20.05 rykte brannvesenet ut på melding om full fyr på eit kjøkken på Skorvane.

– Meldinga kom via eit vaktselskap, og var noko dramatisk, fortel vakthavande ved Os brannvesen.

Tørrkoking hadde ført til opne flammar, men dei som bur i huset fekk sløkt brannen utan bruk av pulverapparat.

– Flammane hadde gjort litt skade i ventilasjonshetta. Vi sjekka at ikkje det var varme lengre oppe i systemet, men alt såg ut til å ha gått greit.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.