Lokal | 05. apr. 2017

Fekk nei til direkteveg

Høgre og Frp støtta ikkje Arbeiderpartiet sitt forslag om direkteveg frå Svegatjørn/Lyseparken via bru over fjorden til Fusa.

Fekk nei til direkteveg
Gisle Hesjedal (Ap) fekk ikkje fleirtal om å ta inn direkteveg frå Svegatjørn/Lyseparken til Fusa i høyringsuttalen til regional transportplan (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 05. apr. 2017 10:39

I samband med at kommunestyret skulle gje si høyringsuttale til den regionale transportplanen for 2018-2029 kom Gisle Hesjedal (Ap) med eit nytt forslag til punkt 10 i prioriteringslista frå kommunen.

«Nytt prosjekt nr 10 på prioriteringslista: Svegatjørn/Lyseparken - Fusa/Eikelandsosen. Ny FV. 552 der trafikken leiast utanom Osøyro, og Fusafjorden vert kryssa med bru. Heile FV. 552 blir rusta opp med gul midtstripe.»

– Den regionale transportplanen strekk seg heilt fram til 2029. Det er lang tid. Allereie etter 1/6 av den tida er Os og Fusa blitt ein kommune. Då meiner eg at vi bør seie noko om trafikken i den nye kommunen, innleia Hesjedal.

Intensjonsavtalen seier ein ønskjer det

Hesjedal viste òg til ein rapport frå Statens Vegvesen om strekningsvis utgreiing av fylkesvegnettet i Hordaland, kor det kjem fram at trafikken rekna i ÅDT er særleg høg ved rundkøyringa på Osøyro.

– Vi har ikkje bru over Fusafjorden i prosjekt vi vil prioritera. Eg trur det er eit prosjekt vi alle kan ønskje velkomen. I intensjonsavtalen mellom dei to kommunane står det at bru over Bjørnafjorden ikkje vil ha særleg effekt for Fusa kommune utan at det vert gjort alvor av intensjonen om påkopling til E39 med bruløysing mot Fusa. Best effekt vil ein få om dette vert ei samankopling med E134, Hordalandsdiagonalen Odda - Bergen. Bjørnefjorden kommune har som ambisjon å ruste opp fylkesveg 552 mellom Eikelandsosen og Osøyro med gul midtstripe.

– Uansett vil dei strekningsvise utbetringane som vegvesenet viser til gå via Os. FV552 er òg definert som omkøyringsveg for E39 og E16. Allereie i dag er kapasiteten i rundkøyringa på Osøyro sprengd.

– Vi meiner difor det er viktig at vi får inn at vi ønskjer oss ny fylkesveg 552 frå Lyseparken/Svegatjørn med veg utanom sentrum, bru over Fusafjorden og gul midtstripe til Eikelandsosen, sa Hesjedal som fremja dette som nytt prioriteringspunkt 10.

Viktig signal

Hesjedal innsåg at det er lite truleg at forslaget blir iverksatt umiddelbart, men meinte det var viktig å signalisere ønskje allereie no.

– Eit av prioriteringskriteria er at det skal prioriterast vedlikehald og opprusting av eksisterande veger, framfor nybygging. Eg har ikkje ambisjon om at det skal dryssa pengar over dette prosjektet umiddelbart, men det er viktig å sende eit signal om at det er ein veg vi ønskjer oss, poengterte Hesjedal, som berre fekk støtte frå dei andre oposisjonspartia i kommunestyret. Forslaget om å ta inn den nye vegen fall difor mot Frp/H sitt fleirtal.

– Eg er overraska. Forslaget seier jo ikkje at vi skal byggja vegen no, men at vi skal setta den på kartet. Det hadde eg trudd posisjonen hadde vore med på, kommenterte Hesjedal til Midtsiden etter røystinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.