Lokal | 21. des. 2012

Fekk ny logo til jul

VIDEO: Juleavslutninga på Os barneskule fekk ein ekstra spiss då vinnaren av skulens logokonkurranse blei kåra. - Den symboliserar livsglede og lærelyst, meiner rektor Beate Moberg.

Andris Hamrefredag 21. des. 2012 15:00

Bildeserie:

Ole Martin og Veslemøy var programleiarar (foto: AH)
Ole Martin og Veslemøy var programleiarar (foto: AH)
6. trinnet stilte med eiga blåseorkester (foto: AH)
6. trinnet stilte med eiga blåseorkester (foto: AH)
Gateguten kunne berre sjå på når rikfolk meska seg med bollar (foto: AH)
Gateguten kunne berre sjå på når rikfolk meska seg med bollar (foto: AH)
Ikkje fekk han seg jobb hos slaktaren heller (foto: AH)
Ikkje fekk han seg jobb hos slaktaren heller (foto: AH)
Heile salen måtte vera med på Deilig er jorden (foto: AH)
Heile salen måtte vera med på Deilig er jorden (foto: AH)
Unge skodespelarar (foto: AH)
Unge skodespelarar (foto: AH)
Og enno yngre koristar frå 1. trinnet (foto: AH)
Og enno yngre koristar frå 1. trinnet (foto: AH)
Dansetroppen hylla julebrusen (foto: AH)
Dansetroppen hylla julebrusen (foto: AH)
1 av 8

Fredag var det duka for tradisjonell juleavslutning for elevar, lærarar og foreldre ved Os barneskule. Adventsstunda var det tradisjonen tru 6. klassingane som sto for. Men ein ting var annleis enn dei tidlegare åra.

- Vi har hatt logokonkurransen gåande i haust, og no har vi ein vinnar. Er de spente? undra rektor Beate Moberg før ho ba jurymedlemmane Jørdis Nadler og Karianne Engelsen koma opp på scenen.

Saman med rektor har dei to hatt den vanskelege jobben å plukka ut vinnaren.

- Vi sto att med 10, som no har blitt éin. Og vinnaren er.... "Elias Sørås Hjelle", presenterte Jørdis Nadler.

Tredjeklassingen blei kalla opp på scenen og fekk overrekt ei eksklusiv t-skjorte kor den nye logoen var trykt på.

- Du er den einaste i heile verda som kjem til å ha ei slik t-skjorte, smilte Nadler som fortalde at arbeidet med å få logoen opp på skulen allereie var i gang.

Musikalsk klasse

Før kåringa av logokonkurransa hadde 6.trinnet varta opp med underhaldning, skjemt og alvor.

At det er ein musikalsk gjeng med 11 åringar på Os barneskule er det lite tvil om. Dei stilte opp med eiga blåseorkester, dansegruppe og songarar, i tillegg til skodespelarar.

6. klassingane hadde òg funne rom for litt alvor i programmet og framførte eit stykke om ein svolten gategut, som freista å finne seg mat, men i staden fann seg ein ny ven.

- Den som har ein ven er rik, slo den vesle gateguten i Sindre sin skikkelse fast.

Må tru om ikkje elevane hadde henta inspirasjon frå arbeidet skulen gjer for CARF og Gregory Smith i høve hans arbeid med gateborna i Brasil.

VIDEO, 3:00: Sjå klipp frå dei musikalske innslaga på juleavslutninga ved Os barneskule (Foto: Andris Hamre/Midtsiden.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.