Fekk overtenning
På veg ut av huset fekk røykdykkarane oppleve kva som skjer når huset plutseleg får overtenning.

- Plutseleg blåste flammane etter røykdykkarane då dei var på veg ut av huset, fortel overbrannmester Gunnar Hatlelid som er svært nøgd med øvinga.
- Dei fekk seg ei påminning om at det gjeld å halde seg lavt når flammane slår omkring ein, seier overbrannmesteren.
Fjerde øvinga i huset
Dette var fjerde gongen Os brannvesen brukte huset i Oshaugen til øving.
- Vi har brukt huset tre fredager før til kalde dykk. Det vil sei at vi ikkje har tent på, men røykdykkarane har øva på prosedyrer og framgangsmåtar, fortel Hatlelid.
Fredag var det på tide å brenne ned huset. Og at det brann merka ein heile vegen opp mot Luranetunet der det ramla ned aske og andre restar frå huset i Oshaugen.
- Røykdykkarane skal ha seks varme dykk i løpet av året, så det å få tilgang på hus som skal fjernast er viktig, seier Hatlelid.
- Aller helst ynskjer vi oss møblerte hus, då det gjer oss ein annan type røyk og temperatur enn det tomme hus gjer, fortel overbrannmesteren som understrekar at dei set pris på tomme hus òg.
Sleit med garasjen
Huset tok raskt fyr og brann fort ned, men garasjen var meir gjenstridig. Den var blautare enn hovedhuset og flammane fekk ikkje det same gode taket, men med bensin og tolmod var også den på veg ned då midtsiden.no stakk oppom fredag kveld.