Lokal | 16. mai 2012

Fekk pengar

Onsdag blei ein jubeldag både for Switch skatepark og Os Turlag sitt klatreveggprosjekt då dei fekk telefon frå Trygve Amundsen i DNB.

Fekk pengar
Switch skatepark fekk 50.000 kroner, Os Turlag fekk 97.000 kroner frå Sparebankstiftelsen DNB NOR (private foto)
Andris Hamreonsdag 16. mai 2012 16:24

Trygve Amundsen ringte denne gongen på vegne av Sparebankstiftelsen DNB NOR for å fortelje gladnyheten om at dei fekk midlar frå stiftinga si vårutdeling.

- Det er kjekt å kunne få lov til å ta slike telefon dagen før nasjonaldagen, smila banksjefen.

Berre å setta i gang

Då hadde han nettopp fått brev frå stiftinga om at to av prosjekta som hadde søkt fekk midlar. Switch skatepark får 50.000 kroner og klatreveggen Os Turlag planlegg i Nore Neset Aktivitetshus 97.000 kroner.

- Vi manglar 80.000 kroner, kan nokon hjelpa? lurte leiar Linda Lohne i Os Turlag på i Midtsiden 3. mai.

No er pengane på plass og det er berre å bestilla klatreveggen.

Lys og straum

Bjørn Madsen i Switch skatepark er over seg av glede når han får meldinga frå Trygve Amundsen.

- No blir det både lys og straum, jublar Madsen som lovar ei heidundrande opning av skateparken litt seinare på våren.

Nærmiljø, idrett og leik prioritert

Sparebankstiftinga DnB NOR deler ut 25% av utbytte dei får som største eigar i DnB-konsernet til almennyttige formål. Utdelinga er to gangar i året.

Prioriterte formål i 2012 er Kunst og kultur og Nærmiljø, idrett og leik.

Neste søknadsfrist er 15. september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.