Fekk planke i propellen
For ti dagar sidan åtvara brannvesenet mot ting på rek. I dag måtte dei ned med dykkarar for å hjelpa «Hardangerfjordekspressen».
Tre gongar på éi veke tidlegare i januar måtte Os brannvesen fjerna ting på rek i innseglinga til Halhjem og Hatvik.
• Les òg: Ting på rek trugar båttrafikken
I dag kom det ein ulyd då «Hardangerfjordekspressen» passerte Halhjem og Bjørnatrynet.
– Dei slo av den eine motoren og kom seg til Os, fortel varabrannsjef Arne Monsen om båten som går i rute frå Bergen via Flesland og Os til Rosendal.
Dykka ved Os kai
Rødne Fjord Cruise, som òg driv skyssbåten mellom Våge og Os, henta Tysnes-båten for å frakta passasjerane til Rosendal.
– Vi var nede med redningsdykkarar og fekk fjerna ein planke som hadde sett seg fast mellom propellen og skroget, fortel Monsen.
Det skal ikkje ha sett ut som om noko var skadd.