Fekk seg ein kalddusj før Tyrkia-turen
... men to mål av Fabian Bødtker redda kvelden då Os spelte treningskamp mot Trio.
Bildeserie:
Etter 3-0 over Smørås og 2-1 over Fyllingsdalen tok Os i kveld imot Trio til ein siste treningskamp før avreise på treningsleir i Tyrkia. I høljande regnvêr.
Spelande assistenttrenar Rune Mo kjempa mot sin eigen bror og fleire barndomskameratar på eit hardtarbeidande lag frå Husnes.
– Dei sto høgt, var svoltne på siger og gjorde det vanskeleg for oss i dag, synest Rune.
Trio kjempa i toppen av Os si naboavdeling i 4. divisjon fram til sommaren i fjor, men nokre svake kampar etter ferien gjorde at dei landa på 5. plass. I år blir dei motstandar til Os 2 i serien.
– I kveld fekk vi både erfara at vi ikkje kan trilla ball mykje sidelengs utan å bli straffa, vi må finna betre løysingar framover i banen, noko vi etterkvart fekk til. Vi fekk òg kjenna på det at ingeting går av seg sjølv, vi må ta fighten i kvar kamp.
Os - Trio 2-2 (2-1)
Målskårar, Os: Fabian Bødtker x2.
Os: Anders Fossen Lunde - Anders Havsgård, Alexander Dale, Petter Austevoll, Trym Hjørnevik - Rune Mo, Steffen Kvamsdal, Kristoffer Røttingen - Mats Cato Moldskred, Fabian Bødtker og Sander Kvittingen.
Innbytarar med speletid: Chris Sunde Midtun, Warhel Suleman, Elias Myrlid, Jonas Hovland, Tobias Nøss og Henrik Sperrevik.
Os opna friskt, men frå 5. til 15. minutt var dei ikkje over midtbanen. I denne perioden kom 0-1-skåringa etterfølgd av tre cornerar imot, som alle var farlege.
Men siste halvdel av omgangen var Os sin. Kristoffer Røttingen fekk to skot på rad før Bødtker skåra på retur av frispark av Mo.
– Vi tok leiinga før pause, men halvvegs i andre omgang kom utlikninga. Mange fekk prøvd seg i dag, også fleire unge spelarar, og vi gjorde oss nokre erfaringar før treningsleiren.
Reiser med 59 frå Os Fotball til Tyrkia
Laurdag reiser Os til Side i Tyrkia. A-laget, Os 2 og damelaget reiser samla, i alt 59 spelarar, trenarar og støtteapparat.
A-laget har førebels fått booka éin treningskamp.
– Vi skal møta eit lag frå nivå 3 i Tjekkia. Dei reknar eg med skal gi oss god motstand, seier Os-trenar Endre Brenne.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.