Sport | 21. des. 2017

Fekk stipend og OL-plass

Sverre Lunde Pedersen kan gå jula i møte med vissheit om at han er klar for OL.

Fekk stipend og OL-plass
Sverre Lunde Pedersen er klar for OL (foto: Douwe Bijlsma)
Andris Hamretorsdag 21. des. 2017 08:36

Kvart år deler Bergen Kommune ut ulike stipend og prisar til idrettsutøvere som er frå kommunen eller som representerer lag i kommunen.

Under utdelinga onsdag blei det delt ut 805.000 kroner fordelt på 24 stipend og fire prisar.

Eitt av toppidrettsstipenda på 40.000 kroner gjekk til Sverre Lunde Pedersen som representerer Fana. Også dei to lagkameratane Sindre Henriksen og Håvard Holmefjord Lorentzen blei heidra med henholdsvis toppidrettstipend og prisen som årets utøver.

Fekk OL-plass

Onsdag blei det første uttaket til OL i Pyeongchang klart. Også der fekk dei tre ei hyggeleg melding. Både Sverre Lunde Pedersen, Sindre Henriksen og Håvard Holmefjord Lorentzen er tatt ut saman med fem andre skøyteløparar. Totalt blei det tatt ut 44 utøvarar i det første uttaket.

– Dette er eit stort og solid førsteuttak. For mange av utøvarane som er tatt ut gir det ein forutsigbarheit og ro i dei vidare førebuingane å bli tatt ut før jul.

– Forsesongen har starta glimrande for norsk vinteridrett, og vi har store forhåpningar til den vidare utviklinga, seier toppidrettsjef Tore Øvrebø i ei pressemelding.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.