Lokal | 12. nov. 2012
Fekk tips om piratkjøring
Tre bilførarar blei sjekka av politiet natt til laurdag.
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 12. nov. 2012 09:29
I 1.30-tida natt til laurdag fekk politiet tips om mogleg piratdrosjeverksemd i Os.
– Ifølgje meldar såg det ut som om dei hadde haldeplass utanfor rådhuset, ikkje så langt frå drosjebua, seier politibetjent Tom Johannessen.
Patruljen møtte fram og tok ein prat med tre bilførarar. Ingen av dei innrømte å ha tatt betaling for kjøring og det blei ikkje oppretta sak.
– Det blei også gjeve ei åtvaring til nokre av passasjerane om at vi følgjer med og at vi vil slå ned på denne type verksemd, seier Johannessen.