Lokal | 30. des. 2017

Fekk trugande folk på døra

Politiet natt til laurdag: Aggressive gjestar på privat adresse, ulovleg bruk av fyrverkeri og ein sakna husky.

Fekk trugande folk på døra
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 30. des. 2017 08:14

Fredag klokka 23.30 blei politiet kontakta av ein som følte seg truga.

– Det var i eit nabolag i Os aust at det var ein som fekk besøk av nokon han har ein konflikt med, fortel operasjonsleiar Gustav Landro i Vest politidistrikt.

– Konflikten kan sjå ut som eit sjalusidrama, legg han til.

Huseigar opna ikkje då motparten banka på døra. Etter at han ringte politiet skal dei ha køyrd frå staden, og det blei ikkje noko for politiet å rykka ut på.

Sakna hund på Søfteland

I 20-tida fredag fekk politiet melding om ulovleg bruk av fyrverkeri.

– Dette var på Lekven, og ein hund i nabolaget skal ha blitt veldig skremt av fyrverkeriet.

Laurdag morgon klokka 06.30 fekk politiet melding om sakna hund.

– Ein husky med blått halsband forsvann frå Stallen. Det er fint om folk seier ifrå om dei ser denne, seier Landro.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.