André Villa delte ut tips til ungdomane. Her får Preben Sagebakke beskjed om å stå meir oppreist når han kjører. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fekk rettleiing av Villa

André Villa tok seg god tid med motocrosskøyrarane i Kolskogen i går.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Verdsmeister i freestyle motocross André Villa besøkte Kjør for livet-klubben i Os og Os MC og MX klubb måndag ettermiddag.

Etter ein prat ved klubbhuset var det tid for køyring, både på hovudbanen og oppe på treningsbanen.

– Det er litt skummelt

Mens ungdomane køyrde sto Villa og såg på. Éin og éin plukka han dei inn til pitstop og peptalk.

– Han sa at eg må stå meir mens eg kjører, og at eg skal sitja i svingane, fortel Preben Sagebakken.

Sagebakken forsto kva han meinte og ville testa det ut.

– Det er litt skummelt, men eg skal prøva, sa Preben før han starta sykkelen igjen.

Imponert ordførar

Teamleiar Jane Espeland skryter av ordføraren og av meistringsteamet til Os kommune.

– Dei har vore veldig imøtekomande og engasjerte både når det kjem til klubben og banen, og dei siste åra, med Kjør for livet-prosjektet.

Søviknes og meistringsteamet var inviterte gjestar og fekk med seg møtet med Villa i går.

– Eg er imponert over det miljøet dei har skapt her oppe. I tillegg til dei aktive idrettsutøvarane, der nokre av dei no er i noregstoppen som senior, til dette prosjektet med å ta annan ungdom inn i motorsportmiljøet.

– Ein ny, spennande hobby og meistring av ein ny idrett gjev også gode resultat på andre felt.

– Kjekk dagstur

Villa kom med fly måndag ettermiddag og tok fleire timar på banen, både med Kjør for livet-klubben, men også med Os MC og MX klubb sine medlemmar.

– Det er veldig kjekt å reisa ut og møta unge køyrarar på denne måten, synest André.

– Dette blir ein fin dagstur.

 

 

 

Fleire saker