Lokal | 20. aug. 2012
Felix lurte legen
Har du sett ein svart katt med veneflon og bandasje?
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 20. aug. 2012 22:02
Ein stor svart hannkatt er sakna i Os.
Katten er av det smidige slaget, han klarte nemleg noko ingen andre har klart før han; å rømma frå dyrlegen.
– Det var visst ei dør som sto på gløtt. Dei var veldig lei seg for glippen, men det er no sånn som kan skje, seier eigaren.
Katten, som hadde veneflon i den eine labben, og litt bandasje, skal ha blitt sett i Oshaugen.
Om du har sett katten kan du kontakta eigar på 930 48 557 eller 909 53 381.