Kultur | 04. juli 2011

Fem dagar med fest

Tysnesfest 2011: I dag blei det selt for over 100.000 kroner i billettar. Onsdag startar festen. Her er høgdepunkta og vêrmeldinga.

Fem dagar med fest
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. juli 2011 19:30

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 6
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Bli varsla om siste nytt:
Følg Midtsiden på Facebook

– No har vi det kjekt her ute, du, seier Sigvard Madsen frå Tysnesfest.

Saman med halve Tysnes held han i desse dagar på å gjera klar til å ta imot 20.000 gjestar til årets Tysnesfest.

At langtidsvarselet for Våge har sol før og etter helga, men skyer og nedbør fredag, laurdag og søndag, skremmer ikkje Madsen og resten av Tysnesfest-mannskapen.

– I fjor hadde vi drittvêr frå start, vi måtte jo blant anna avlysa Wig Wam-konserten fredagen.

– Men sola kom og gjestane kom, vi auka frå 70 til 200 gjestar på festivalcampen og hadde heile 580 båtar i hamna. Eg trur festen blir bra uansett og vêret truleg finare enn kva Yr.no spår akkurat i dag.

200.000 på to dagar

Kapasiteten på den største scenen, Fyret scene, er 5000 gjestar. Rekorden sette DDE med 4100 i fjor.

Når kapasiteten er stor startar gjerne også billettsalet seint, folk reknar med at det er ledig plass. Men i år kan det bli fullt fleire plassar.

– TOTO med fleire drar folk, i dag har vi selt for 110.000 kroner i billettar, søndag var det omtrent like gale, seier Sigvard.

Høgdepunkt - dag for dag

Tysnesfest startar onsdag og varer til og med søndag. Her er nokre av høgdepunkta, dag for dag:

ONSDAG: Babysonggudsteneste i Ugggdal kyrkje, klassisk konsert i Galleri Elisabeth og skip-inn kino i Våge hamn. Dirty Dancing står på plakaten.

TORSDAG: Klypa-show (Kjell Kjellen), konsertar med blant andre Kurt Nilsen og Erik og Kriss på kvelden.

FREDAG: Cruise med Twang Gang (MS Midthordland), konsert med blant andre Lucky Bullets, Ralph Myerz og TOTO.

LAURDAG: Sjørøvartokt, konsert med Stella Mwangi og show med Polkabjørn og Kleine Heine (Havno, dagtid), bluescruise med Big Men Bluesband, konsertar med blant andre Odd Nordstoga, Eva & The Heartmaker, Madcon og Hellbillies på kveldstid.

SØNDAG: New Orleans-inspirert dagen-derpå-gudsteneste, søndagsopne butikkar og konsert med Ole Edvard Antonsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.