Sport | 17. mars 2013

Fem frå Os med gull i NM

10 utøvarar tok 13 medaljar: Os Karateklubb gjorde i går sitt beste NM nokosinne.

Fem frå Os med gull i NM
Utøvarane og coachane med medaljane frå gårsdagens NM. (Privat foto/Os Karateklubb)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 17. mars 2013 08:25

Over 200 utøvarar frå 51 klubbar var påmeldt til årets karate-NM, som blei arrangert av Norges Kampsportforbund og Mizuchi Karateklubb i Bærums Idrettspark i går.

Os karateklubb var representert med fem kadettar og juniorutøvarar og fem seniorar.

Dei ti utøvarane tok til saman heile 13 medaljar.

– Dette blei klubben sitt beste NM nokosinne. Marginane kan vera små, men alle presterte veldig bra og resultata blei nok betre enn kva vi kunne ha håpa på, seier hovudinstruktør Cato Bruarøy.

Her er dei fem ferske noregsmeistrane frå Os Karateklubb:

Tirill Skønberg Haaland, Benedicte Bjelland, Armin Palislamovic, Aner Palislamovic og Vegard Gjøsund.

I tillegg til å vinna i kamp tok Armin bronse i kata. I kata blei det 5. plass til Aner og Amanda Njøten.

Brørne Slettevold: Seniordebut og comeback

Åsmund Slettevold, som har tatt gull som junior dei siste åra, blei senior fredag, dagen før NM.

Dagen etter bursdagen gjorde han som yngstemann ein kjempedebut i seniorklassen og tok bronse.

– Dette er ein imponerande overgang til seniornivået, synes Bruarøy.

– I tillegg var det fantastisk å sjå storebror Erlend, som har vore ute med skade og ikkje deltatt på nasjonale stemne på to år. Han sa frå seg plassen på landslaget, men kom laurdag tilbake og tok bronse.

To medaljar til Henrik - gull til Vegard

Henrik Reed-Larsen, som tok sølv for to år sidan, rauk ut i første kamp i NM i fjor. I år gjekk det betre.

– Henrik fekk bronse i kamp og stilte i tillegg opp i Shobu Ippon, kamp der første poeng vinn. Dette er ein konkurranseform som er vanleg i andre stilartar, og som vi ikkje har øvd på.

Henrik tok seg heilt til finalen, og trefte med eit godt spark, men det blei litt for hardt og Henrik fekk sølv.

Vegard Gjøsund, som tapte finalen for klubbkameraten Åsmund Slettevold i fjor, tok gull i Shobu Ippon, kamp med "sudden death".

Også Benedicte Benedicte Bjelland forsynte seg grovt av medaljefatet og tok sølv i tradisjonell kamp og gull i Shobu Ippon.

Fleire medaljar og 5. plassar

Her er dei beste prestasjonane av Os KK i NM:

Kamp (WKF-kumite): Tiril GULL, Armin GULL, Aner GULL, Benedicte SØLV, Amanda Njøten BRONSE, Elena Andres BRONSE, Åsmund BRONSE, Erlend BRONSE, Henrik BRONSE,

Kata: Armin BRONSE, Amanda 5.plass, Aner 5.plass (begge tapte bronsefinalen),

Shobu Ippon: Benedicte GULL, Vegard GULL, Henrik SØLV

Etter at meisterskapen var over var det rett på bankett på Ullevål Stadion for dei drygt 200 utøvarane.

– Ein god kommune å driva idrett i

Cato Bruarøy, som i dag set seg på flyet for å reisa på instruktøroppdrag i Sidney, kan med desse rekordresultata i NM smila heile vegen til Australia.

– Heile den siste månaden har vore utruleg fin for Os Karateklubb, med flott feiring av 30-årsdagen, EM-bronse til Åsmund og no dette.

– Og det vil eg seia, i tillegg til den utrulege foreldregruppa som hjelper til og passar på at alt ligg til rette for trivsel og sportsleg utvikling på toppnivå, så er Os kommune veldig fin å driva idrett i.

– Uansett kva du ber om så blir vi høyrt, vi får raske tilbakemeldingar og folk er positive, anten det er snakk om rektorar på skulane der vi har treningstid til administrasjonen og lokalpolitikarane. Eg er veldig takksam, seier Cato Bruarøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.